Nils den store – 12 år ved fylkesroret

Sogn og Fjordane har ikkje mangla tradisjon med særmerkte fylkesordførarar. Siste haust takka ein av dei største, Nils R. Sandal frå Myklebustdalen i Gloppen for seg etter 12 år som fylket sin fremste politikar – regional- og lokalpolitikken sin mann.

Av Henning Rivedal

Etter ei karriere basert på ei serie brakval som gav gjenlyd også nasjonalt, var han den uomtvistelege fylkesføraren i Sogn og Fjordane. Og ikkje nok med at han var fylkesordførar i 12 år, men han var 12 år som ordførar i Gloppen før det; altså ein karriere over 24 år eller seks valperiodar, enten som kommune- eller fylkestopp. Ikkje rart at mange trur R’en mellom førenamn og familienamn tyder Rex, eller Konge.

Den kvardagslege forklaringa er at han tok inn bokstaven R for å skilje mellom seg og naboen som også heiter Nils. Då valde han R for Reiel som var namnet til faren. Nils R. er bondesonen som vart dansebandmusikar i ungdommen og farta fylket rundt i ein ombygd folkevognbuss saman med kameratane i Ommedals kvartett og Eldorados. Som politikarskule skal ein ikkje kimse av ei slik fortid, i tillegg til fartstid som aktiv fagforeiningsmann, buss- og trailersjåfør. Alle som har sett Nils R. i aksjon som møteleiar i fylkestinget, forstår snøgt at det ikkje er noko i vegen med hjerneturboen.

Han hadde elles ein eldre bror, den legendariske historikaren Per Sandal som sette djupe spor etter seg innan historiefaget som bygdebokforfattar og høgskulelektor. Endeleg må vi nemne Nils R. som ein av arkitektane bak Country-Treff på Breim, som vart først i sitt slag med knutepunkt-status her til lands. Sandal er også ein kjend og akta person i internasjonale country-krinsar, og har sete bak scena i Grand Old Opry saman med toppfolka i USA mange gonger.

Mykje å glede seg over

Nils R. har aldri lagt skjul på at kultur har ein ekstra stor plass i hjartet hans.

"Vi ser no at kreativiteten som følgjer av ei langsiktig kultursatsing her i fylket, kastar av seg i form av høgt nivå og stor breidde både innan profesjonelt og frivilleg kulturarbeid. Kultur er langt på veg ei merkevare for Sogn og Fjordane, takka vere artistar og miljø som gjer at folk har lett for å finne glede og trivsel her”, seier Nils R.

Han har også brukt mykje tid og krefter innan samferdslepolitikk for fylket. Dalsfjordsambandet, Bremanger II i tillegg til at utfordringane med Olden-Innvik ser ut til å løyse seg er viktige politiske sigrar for fylket. Til slutt dreg han fram opprusting og nybyggjing av vidaregåande skular, med Trivselshage på Sandane, Operahus på Nordfjordeid og Campus på Fosshaugane i Sogndal som enorme løft der vi har fått ekstra mykje ut av pengane.

”Det er utruleg moro å kjenne at ein har vore ein del av denne langsiktige satsinga, som vi no ser konkrete resultat av,” smiler Nils R.

Den viktige rollefordelinga

”Eg har alltid vore veldig bevisst på rolledelinga mellom politikar og byråkrat. Politikaren skal setje dagsorden heile tida, peike ut kurs og retning på politikken”, seier Sandal.

”Byråkraten skal serve politikaren med tilrådingar, tufta på tilrettelagt informasjon. Når vi er medvitne på denne rollefordelinga fungerer demokratiet vårt betre”, legg han til.

Erfaringa hans med fylkesadministrasjonen er at dei er oppegåande, flinke og fagleg godt oppdaterte i arbeidet sitt, i tillegg til at det er ein sterkt utvikla lojalitetskultur i fylkeskommunen mellom byråkratar og politikarar.

”Dette har gjort arbeidet mitt som fylkesordførar meir spanande og profesjonelt fundamentert. Dette vil ikkje seie at det ikkje er noko å strekke seg etter som kan gjerast betre, men når det grunnleggjande arbeidsklimaet er så godt på plass, kjem forbetringane som ei naturleg og fortløpande utvikling”, seier Nils R. Sandal.

Dei som kjenner han veit at, gladguten Nils R., som mange identifiserer han som, også har nok temperament til at det kunne smelle i veggene på Fylkeshuset. Ingen var i tvil om kva som mangla viss han var misnøgd med noko.

Lokalpolitikken sin mann

Ja, det kunne vore lett og tenkt seg ei utvikling som rikspolitikar for mannen som for ikkje lenge sidan runda 60 år, men nei, ikkje for Nils R. Sandal:

”Grunnen er enkel. Eg trivst der folk er. Då er det lokal og regional politikk som er mest spanande for meg. Eg må vere der folk er. Det er definitivt der eg har hatt min politiske arena”.

Nils R. fortel at han alltid har vore oppteken av samfunnsutvikling. Starten fann stad i Byrkjelo ungdomslag der han vart leiar rundt 1970. Så engasjerte han seg i EU-kampen i 1972, og stilte til val på ei bygdeliste for Breim. Det førde han inn i Gloppen kommunestyre for første gong og formannskapet. Han vart varaordførar i seks år før han tok fat på ordførargjerninga som varde i 12 år.

”Dette var i kamptida mellom øvre og nedre veglinje forbi Sandane til Anda, og eg var tilhengar av øvre linje som er den vi ser fullført i dag. Så hugsar eg kampen om det store meieriet skulle leggjast på Skei eller Byrkjelo. Frontane var jamne på møtet der det skulle avgjerast. Radioen melde om at innstillinga gjekk i favør av Skei i Jølster. Eg var ikkje på dette møtet, men noko skjedde der, for vedtaket vart Byrkjelo. Det var ei sterk stund”.

Eit anna område der Nils R. har engasjert seg gjeld å få meir aktivitet knytt til offshoreverksemda i Florø:

”Det har vore gjevande å samarbeide med dei fagleg flinke kreftene på Botnaneset. Vi har bygt nettverk mot oljeselskap, regjering og departement. Det gir ei eiga kjensle å vere med der det skjer, når det skjer, sjå korleis kreftene i miljøa i fylkeskommune, det private næringsliv og politikken finn kvarandre i konstruktive løysingar”.

No er denne epoken slutt, men sauene i Myklebustdalen er også ålreite dyr for den som har anlegg for å sjå det positive rundt seg. Litt styreverv, i tillegg til artistansvar i Norsk Country-Treff fargelegg framtida på ein fin måte tykkjer fylkespatriot Nils R. Sandal, som har ei forsikring å komme med heilt til slutt:

”Det har aldri vore eit alternativ for meg å flytte frå Sogn og Fjordane!”.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713