Nærings- og samfunnsutvikling

Innan nokre område har vi etablerte tilskotsordningar med eigne reglar. Sektoren har i tillegg disponible midlar som skal støtte opp under satsingsområda i budsjettet, og som ikkje er knytte til bestemte tilskotsordningar.

Du kan søkje om tilskot frå dei disponible midlane innan følgjande område:

  • Sjømatnæringar
  • Energi
  • Industri
  • Landbruk
  • Næringsarbeid i kommunar
  • Entreprenørskap
  • Satsing på kunnskap
  • Friluftsliv
  • Vilt- og fiskeforvaltning

Midlane er avgrensa, og ikkje alle prosjekt vil nå opp.

Korleis søkje?

Du må søkje elektronisk gjennom nettsida www.regionalforvaltning.no for å få søknaden din handsama.

Rettleiing for bruk av regionalforvaltning.no.

Kriterium og krav til søknad

Søknaden må vere innanfor satsingsområda lista opp ovanfor. Du kan søkje om støtte til prosjekt:

  • som kan sannsynleggjere distrikts- og regionalpolitisk verknad
  • ​som har god kvalitet, og der søkjar har god gjennomføringsevne
  • ​der tilskotet har utløysande effekt for gjennomføring av prosjektet

Hovudutvalet legg vekt på miljøprofil og berekraft ved tildeling av midlar.

Tilskotet kan dekke kostnader direkte knytte til realisering av prosjektet. Tilskotet kan ikkje dekke drift av næringsverksemd eller organisasjonar. Maksimal støttesats frå fylkeskommunen er normalt 50 prosent. For forstudiar, forprosjekt og tiltak retta mot målgruppene unge, kvinner og innvandrarar kan høgare støttesats bli vurdert.

For søknadar innan næringsutvikling gjeld det meir utfyllande reglar.

Søknadsfristar

Søknadane vert handsama fire gonger i året. Det kan vere lurt å vere ute i god tid før fristen i fall du må levere meir informasjon før søknaden kan handsamast.

15. januar (vert handsama i møte 7. mars)
15. april (vert handsama i møte 22. juni)
15. august (vert handsama i møte 26. september)
15. oktober (vert handsama i møte 21. november)

Saksgang og vanlege spørsmål

I dette dokumentet kan du få svar på spørsmål om nærings- og samfunnsutvikling.

Dokumentet inneheld informasjon om:

  • Saksgang
  • Klage
  • Meirverdiavgift
  • Kva forpliktar vi oss til?
  • Prosjektrekneskap
  • Utbetaling og likviditet
  • Rapportering
  • Kva er eit prosjekt? Kva er forstudie og forprosjekt?
  • Utløysande effekt
  • Må eg bruke regionalforvaltning.no?

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Adrian Husabø Bjørseth
Rådgjevar
Adrian.Husabo.Bjorseth@sfj.no
​902 47 175

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven