Martha Bjørvik Angedal får Bygdeutviklingsprisen 2013

Bygdeutviklingsprisen vert årleg delt ut til ein person som står bak ei vellukka etablering og/eller bedriftsutvikling med utgangspunkt i landbruket og bygdene sine ressursar. Prisen er på 50 000 kroner og vart delt ut på fylkestingsmøtet i Loen 15. oktober.

Martha Bjørvik Angedal var allereie som ungdom bevisst på vegvalet i yrkeslivet. Ho ville tilby tenester til ungdom med særskilde utfordringar – på eigen gard. Med utdanning som sosionom og praksis frå omsorg, psykiatri og barnevern var ho godt fagleg kvalifisert til å starte eiga verksemd.

Har 12 tilsette i dag

I 2009 starta ho opp eiga verksemd på garden sin i Angedalen i Førde kommune. Same året deltok ho på Alkymisten, Innovasjon Noregs satsing på unge gründerar. Dette vart følgd opp med tilskot til utvikling av garden. Sidan oppstarten har verksemda dobla omsetninga si kvart år—i 2012 var den på 2,7 millionar kroner. Angedal Gard har i dag 12 tilsette.

Med eigne ord forklarer Angedal grunntanken bak verksemda si: “På Angedal gard ønskjer vi å gje eit individuelt tilpassa tilbod som inneheld ein aktiv og innhaldsrik kvardag, med fokus på meistring og gode opplevingar. Det er mange aktivitetar og oppgåver på garden, t.d. stell av dyr og planter, skogsdrift, vedlikehald av maskiner og bygningar, samt turar og utflukter i nærområdet. Kva aktivitet ein legg vekt på vil variere ut i frå brukar sitt ønskje og behov.»

Vidare til nasjonal kåring

Juryen for Bygdeutviklingsprisen—beståande av Jenny Følling, Britt Brækhus, Ingrid Døskeland og Ann Elisabeth Tveit— har merka seg at Angedal, med utgangspunkt i den tradisjonelle drifta på garden, har utvikla eit fagleg sterkt Inn på tunet-tilbod til ungdom med særskilde problem. Direktør i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Halvor Flatland, påpeika ved overrekking av prisen at det står respekt av slik ei vellukka satsing i denne utfordrande bransjen.

Som prisvinnar i Sogn og Fjordane går Angedal vidare som kandidat til Innovasjon Norge sin nasjonale Bygdeutviklingspris, der det vert plukka ut ein vinnar som får 250 000 kroner.

Les talen Innovasjon Norge-direktør Halvor Flatland heldt ved tildelinga

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven