Last ned rapportar om kultur på nett

I mars 2005 peika Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM-utvikling) ut Sogn og Fjordane som prøveregion for nettbasert kultur- og kunnskapsformidling. Prosjektet vart avslutta ved årskiftet 2007/2008 og rapportane er no klare.
Hovudmåla med prosjektet har vore:
- Å etablere Sogn og Fjordane som ein prøveregion for nettbasert kultur- og kunnskapsformidling i nært samarbeid med ABM-utvikling og Kulturnett Noreg.

- Utvikle ein samla strategi for beste praksis for regional og lokal nettbasert kultur- og kunnskapsformidling med særleg vekt på samarbeid i ABM-sektoren på den eine sida og kommunar, skulesektoren og næringslivet på den andre.

- Utvikle regionale tenester som har overføringsverdi til andre og som kan nyttast av andre regionar. Gjera desse tenestene tilgjengelege via Internett.

- Utvikle samarbeid med sentrale brukargrupper som skuleverket, reiselivet og anna næringsverksemd som transportsektoren og liknande.

- Gi andre tilgang til erfaringar og løysingar gjennom aktivt informasjonsarbeid og rapportar.

Samla hadde prosjektet eit årleg budsjett på 2,9 millionar med fylkeskommunen og ABM-utvikling som dei største bidragsytarane. Prosjektleiar har vore Gunnar Urtegaard.

Last ned rapportane (PDF)

1. Nettbasert kultur- og kunnskapsformidling i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane som nasjonal prøveregion 2005-2007. (21 MB) Gunnar Urtegaard (red.).
2. Kulturnett Sogn og Fjordane - Tenestekatalog. Gunnar Urtegaard (red.). (vert gjort tilgjengeleg for nedlasting på eit seinare tidspunkt)
3. Frå vikinggrav til verdsveven. Formidling av forhistorie og eldre historie frå Sogn og Fjordane.(4MB) Marit Anita Skrede.
4. Frå Gygrekjeften til Gygrarøvi. Ei nettreise i natur og kultur. Stadnamnprosjektet i Sogn og Fjordane. (9MB) Per Arvid Ølmheim.
5. Vegen til eit digitalt ABM-landskap. Grunnleggjande infrastruktur og innhald i eit fylke eller ein region. (1,7MB) Gunnar Urtegaard.

Rapportane kan brukast fritt, men kjelde må gjevast opp ved bruk.

Ta kontakt med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om du ynskjer trykte kopiar av rapportane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven