Foto som syner to unge gutar på eit storkjøken. Dei er svartkledde og tilberedar mat. Foto: Charlotta Wasteson/www.flickr.com

Foto: Charlotta Wasteson/www.flickr.com

Lærlingsamlingar 2017

Det vert regionvise lærlingsamlingar i slutten av januar og starten av februar.

Lærlingsamlinga i Sogn vert i år på Vesterland på Kaupanger tysdag 31. januar. For lærlingar og lærekandidatar i Nordfjord og Sunnfjord vert det samlingar på Eid vidaregåande skule onsdag 1. februar og i Førdehuset torsdag 2. februar.

Aktuelle tema

Lærlingar og lærekandidatar som teikna kontrakt i løpet av 2016, er inviterte til samlingane, saman med faglege leiarar og instruktørar i dei aktuelle lærebedriftene. Samlingane tek opp aktuelle tema for målgruppa, t.d. rettar og plikter i læreforholdet, svart økonomi, tilboda fagskulen har etter fagbrev og trafikktrygging. Det vert også ei økt med elev- og lærlingombodet. Den kulturelle skulesekken bidreg med musikar Askil Holm.

Fristen for å melde seg på er fredag 13. januar.

Her melder du deg på og kan lese meir utfyllande om programmet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00