Kvernsteinsbrota i Hyllestad på førebels verdsarvliste

Kvernsteinsbrota i Hyllestad er no inne på UNESCO si førebels liste for verdsarv. - Kvernsteinsbrota vitnar om ein storskala produksjon og handel med kvernsteinar i vikingtida, heiter det i omtalen frå Riksantikvaren.

Bakgrunnen for kandidaturet til den førebels verdsarvslista er at Noreg samarbeider med fem andre land om å få historiske stader frå vikingtida inn på UNESCO si verdsarvliste. Dei andre norske kandidatane er Borrehaugane i Horten, Oseberghaugen i Tønsberg, Gokstadhaugen i Sandefjord.

Hovudkriteriet for å komme på verdsarvlista er å vere av ”outstanding universal value”, det vil seie framifrå allmenn verdi. Riksantikvaren har gjeve følgjande omtale av kvernsteinsbrot i Hyllestad:

Kvernsteinsbrota i Hyllestad, Sogn og Fjordane, vitnar om ein storskala produksjon og handel med kvernsteinar i vikingtida. Brota starta i det åttande århundret for lokal bruk av kvernstein. Mot slutten av vikingtida var produksjonen auka til eit industrielt nivå. Overgangen frå småskalaproduksjon til industriell produksjon vitnar om en avansert logistisk organisasjon og økonomisk vekst i vikingtiden. Kvernsteinane fekk ein stor distribusjon som handelsvare. Lokalisering ved kysten syner også den viktigheita av sjøtransport i Vikingtiden. Frå slutten av vikingtida har vi fleire funn av Hyllestadstein i byar i Sør-Skandinavia og i Baltikum ”.

Dei aktuelle kommunane, fylkeskommunar, museum, Miljøverndepartementet og Riksantikvaren var samla til felles opningsmarkering i Horten 26. januar. Her vart heile prosessen fram mot endeleg vedtak presentert og drøfta. Likeeins plikter og moglegheiter som følgjer av det å vere på verdsarvlista.

Det skal no arbeidast fram ein nominasjonssøknad. Arbeidet vert organisert gjennom to arbeidsgrupper, ei i Sogn og Fjordane og ei i Vestfold. Dei to arbeidsgruppene vert leia av den respektive fylkeskommune. Kvar av arbeidsgruppene vil ha ein verdsarvkoordinator knytta til seg.

Som del av nominasjonsprosessen skal det våren 2011 arrangerast folkemøte i Hyllestad, og det skal utarbeidast intensjonserklæring for handsaming politisk i kommunen og fylkeskommunen. Utkast til nominasjonsdokument skal vere ferdig 30.09.11 og oversendast Miljøverndepartementet for statleg høyring. Den samla transnasjonale nominasjonen skal oversendast UNESCO 31.01.12. Endeleg vedtak er forventa sommaren/hausten 2013.

Eit felles interimsråd, leia av Riksantikvaren, vil sørge for godkjenning av arbeidet som vert utført av arbeidsgruppene, sikre formell forankring og vedtaksprosessar. I interimsrådet skal Miljøverndepartementet, Riksantikvaren, fylkesordførarar og fylkesrådmenn/fylkesdirektørar , ordførarar og rådmenn/kultursjefar, og representantar frå relevante fagmiljø m.m. vere representert.

Stipendiat Irene Baug skal utarbeide Hyllestad sin del av nominasjonsdokumentet. Ho har teke hovudfag på kvernsteinsbrota i Hyllestad, og har dette som tema også i sitt doktorgradsarbeid. Ho vil samarbeide tett med arbeidsgruppa for Hyllestad som er sett saman slik:

Tore Bråstad (Hyllestad kommune)
Lidvin Osland (Stiftinga Norsk kvernsteinsenter)
Eva Moberg (Sogn og Fjordane fylkeskommune)
Petter Koren/Lisen Roll (Riksantikvaren)
Irene Baug (verdsarvkoordinator)
Astrid Waage (sekretær)

Kontaktinformasjon:

Eva Moberg, mob 905 91 452, e-post eva.moberg@sfj.no
Fylkesordførar Nils R. Sandal, mob 915 52 219, e-post nils.r.sandal@sfj.no
Ordførar i Hyllestad Tore Bråstad, 482 88 846, e-post tore.brastad@hyllestad.kommune.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven