Foto av Ove Henning Solheim som nettopp har teke imot fylkeskulturprisen 2017. Han held diplomet og ein blomsterbukett i handa, og i bakgrunnen ser vi fylkestinget.

Fjorårets vinnar av fylkeskulturprisen var Ove Henning Solheim og danseverkstadane Dans Utan Grenser. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kven fortener årets fylkeskulturpris?

Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin, som du rett og slett meiner burde få fylkeskulturprisen 2017?

No ynskjer fylkeskommunen framlegg til kandidatar til fylkeskulturprisen 2017. Prisen har tidlegare gått til mellom andre Malakoff Rockfestival, Oddbjørn Hjelmeset og Sigrid Moldestad.

Kriterium

Prisen går til einskildpersonar, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane. Prisvinnaren må ha vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege, ha talent eller vise kreativitet og evne til nyskaping.

Prisen er på 50 000 kr og eit diplom. Utdelinga skjer i samband med fylkestinget i desember. I fjor gjekk prisen til Ove Henning Solheim og Dans Utan Grenser for arbeidet med å etablere og drive danseverkstadar.

Årets pris vert delt ut på fylkestinget i desember.

Fylkeskommunen har delt ut fylkeskulturprisen sidan 1980. Målet er å hjelpe fram kulturarbeidet i Sogn og Fjordane, og å inspirere til å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Fristen for å nominere kandidatar er 1. november 2017.

Les meir om fylkeskulturprisen og sjå oversikt over tidlegare vinnarar.

Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Eva Kristin Svidal på eva.kristin.svidal@sfj.no eller 911 69 693.

Du kan sende inn forslag til kandidat til post@sfj.no eller ved å fylle ut skjemaet under.

Kontaktinformasjon til deg som nominerer







Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00