Bilete i svart-kvitt av maskiner og arbeidarar inne på ullvarefabrikken.

Innvik Ullvarefabrikk vart skipa i 1890. Rundt 1900 vart fabrikken utvida og dei fyrste vevstolane vart teke i bruk. Dette skal vere den største fabrikkbygningen av tre i Norden. Biletet er frå ca 1910. Fotograf Jens Knutsen Maurseth. Kjelde Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kulturminne på dagsorden

Denne veka vart Stryn sin kulturminneplan lagt ut på høyring. Fleire kommunar i fylket jobbar med å utarbeide kulturminneplanar. Målet med dette er å styrke kompetansen om kulturminne i kommunane og få betre oversikt over verneverdige kulturminne.

Stryn har nettopp lagt ut sin kulturminneplan på offentleg høyring, og fristen for innspel på denne er sett til 1. april. Balestrand har hatt sin plan ute på høyring sidan før jul, og dette er siste veka ein kan kome med innspel på denne.

Kommunane har planmynde og skal ved hjelp av plan- og bygningslova forvalte og ta vare på mangfaldet av kulturminne, kulturmiljø og landskap. Samtidig er det mange lag, organisasjonar og enkeltpersonar som gjer ein stor innsats for å ta vare på lokale kulturminne. 

- Det er veldig kjekt å sjå korleis kommunane og dei frivillige får stadig meir kompetanse på kulturminnefeltet, seier Sigrun Espe, prosjektleiar for fylkeskommunen si satsing "Lokale kulturminneplanar". - Denne kompetansen gjer at dei lokale aktørane betre kan ta vare på, vidareutvikle og dra nytte av sine eigne kulturminne. 

Samarbeid mellom kommunen og dei frivillige

Når kommunane no har teke på seg å utarbeide kulturminneplanar har eit av måla vore å samarbeide tett med engasjerte frivillige. I Balestrand kommune har til dømes leiaren i Balestrand Sogelag, plansjefen i kommunen, kommunalsjef for oppvekst og kultur, tilsette frå fylkeskommunen og ikkje minst mange frivillige vore involvert i arbeidet med kulturminneplan.

- Samarbeidet med dei lokale kulturminnearbeidarane har vore det kjekkaste i dette arbeidet, seier kommunalsjef for oppvekst og kultur Kari Helene Rønnestad.

I Stryn har kommunen engasjert Stryn historielag til å intervjue dei innbyggarane i kommunen som var interesserte i å presentere «sitt kulturminne» - eit kulturminne denne personen meiner ein bør ta vare på og ikkje gløyme. Historielaget engasjerte heile sin organisasjon i alle grendelag og gjennomførte 39 intervju. Alle desse intervjua og kulturminna som vert skildra er presentert i kulturminneplanen.

Bilete av raudt hus i drakestil.

Forvaltning og aktivitet

Kulturminneplanen er eit forvaltingsverktøy for kommunane, men den kan også vere eit verktøy for lokalsamfunnsutvikling. Ein viktig del av kulturminneforvaltinga handlar om å bygge kunnskap og legge til rette for at kulturminne kan brukast og kome innbyggjarar til gode på ulike måtar. Tiltak og aktivitet har sin plass i planen sin handlingsdel.

Mange kommunar vel til dømes å utarbeide skilt og informasjonshefter for å løfte fram utvalde kulturminne. Dette kan vere ein ressurs både for innbyggjarar, besøkande og reiselivsnæringa.

Høyanger, Hornindal, Sogndal og Eid er dei fire kommunane som er ferdige med sine kulturminneplanar. Desse planane og meir informasjon om kulturminneplanar finn du på fylkeskommunen si heimeside.

 

Sjå fleire bilete frå Innvik Ullvarefabrikk på fylkesarkivet si heimeside.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven