Fem born på scena på feiringa av Gulatinget. Foto: David Zadig

Foto: David Zadig

Kulturmidlar

Søknadsfrist for kulturmidlar er 1. mars. 

Kulturmidlar vert gitt til prosjekt og tiltak som har kultur som hovudføremål. Ved tilskot vert det lagt særleg vekt på kulturaktivitet til barn og unge.

Ordninga er delt, ein kan søkje om:

  • tilskot til drift
  • tilskot til prosjekt og tiltak

Tilskot til drift

Tilskot vert gitt til fylkesdekkande kulturorganisasjonar/fylkesledd og arrangørar med føremål innan kulturområdet. Ein legg særleg vekt på kulturaktivitet til barn og unge. Målet med tilskotsordninga er å fremje eit aktivt og allsidig kulturliv i fylket.

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema: Tilskot til drift
Søknadsfristen er 01.03.17

For skjema i papirformat, ta kontakt med nærings- og kulturavdelinga.

Kven kan søkje?

  • Fylkesdekkande kulturorganisasjonar/fylkesledd.
  • Arrangørar av varige, faste kulturtiltak.

Retningsliner 

Sjå retningslinene for meir informasjon om kva kan få tilskot, krav til søknaden, søknadsbehandling, vilkår og klage. 

Grunnleggjande omsyn for tildeling av fylkeskommunale tilskot til kulturføremål

Tilskot til prosjekt og tiltak

Tilskot vert gitt til prosjekt og tiltak som har føremål innan kulturområdet, med kulturell karakter som har allmenn interesse, og verknad for heile eller ein større del av fylket. Utviklingsperspektivet, der ein ønskjer å undersøke nye tiltak og arbeidsformer og samarbeid, samt å realisere dristige nyskapande kultursatsingar vert vektlagt ved tildeling.

Målet med tilskotsordninga er å fremje eit aktivt og allsidig kulturliv i fylket.

Søknadsskjema

Elektronisk søknadsskjema: Tilskot til prosjekt og tiltak. 
Søknadsfristen er 01.03.17

For skjema i papirformat, ta kontakt med nærings- og kulturavdelinga.

Kven kan søkje?

Alle som driv med kulturell aktivitet som har allmenn interesse, og med verknad for heile eller ein større del av fylket, kan søke tilskot. Tiltak som viser nye vegar i kulturarbeidet kan også søke.

Retningsliner 

Sjå retningslinene for meir informasjon om kva kan få tilskot, krav til søknaden, søknadsbehandling, vilkår og klage. 

Grunnleggjande omsyn for tildeling av fylkeskommunale tilskot til kulturføremål

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eva Kristin Svidal
Rådgjevar
eva.kristin.svidal@sfj.no
911 69 693

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven