Foto av ungdomshuset Dæmring i Vågsøy. Det er eit kvitt, forholdsvis lite hus, som ser ut til å vere pynta til 17. mai med raude, kvite og blå ballongar, bjørkeris og norske flagg.

Ungdomshuset Dæmring i Vågsøy er eitt av veldig mange lagshus og kulturbygg rundt om i Sogn og Fjordane.Foto: Ingunn Nyheim/Huset i bygda

Kulturhus på kartet

No kan du finne organisasjonseigde hus i Sogn og Fjordane på Fylkesatlas. Kartbasen vert open og tilgjengeleg for alle.

Det er Noregs ungdomslag som gjennom tiltaket Huset i bygda registrerer og kartfestar organisasjonseigde hus i Sogn og Fjordane Arbeidet er gjort i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Kartbasen vert presentert på Huset i bygda si regionssamling på Viking i Førde onsdag 13. september.

Meir synlege kulturbygg

Huset i bygda starta opp i Sogn og Fjordane i 2010 og har som mål å skape meir synlege og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Norge. Kartfestinga er ein del av dette arbeidet.

– Arbeidet er godt i gang. Vi har kartlagt ca. 400 lagshus og arbeider no med å legge desse inn i husbasen. Dei første 120 er kartfesta og lagt inn i Fylkesatlas, seier Christoffer Knagenhjelm, rådgjevar i Huset i bygda.

Viktige kulturarenaer

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sogn og Fjordane ungdomslag gjekk i 2016 inn i ein utviklingsavtale, der målet er å skape og utvikle gode møteplassar som er tilgjengelege for alle i lokalsamfunna. Å synleggjere alle opne lagshus som viktige kulturarenaer er del av arbeidet for å nå dette målet.

– Vi er glade for at Sogn og Fjordane ungdomslag ved Huset i bygda arbeider for å styrke møteplassane i bygdene våre. Ved å synleggjere og registrere tilbodet i dei ulike husa, viser ein mangfaldet i møteplassar i Sogn og Fjordane og styrker desse. Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer at husa skal vere fylte med aktivitet og ser denne satsinga som ein måte å synleggjere husa på. Det er eit politisk ansvar å styrke rammene for kulturbygga gjennom tilskotsordningar som spelemidlar til kulturbygg, seier assisterande fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad

Satsing som spreier seg

Huset i bygda skal utvikle møtestadar og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente eigarar. Alle lagshus skal vere tilgjengelege for alle ved å vere universelt utforma.

Leiar i Sogn og Fjordane ungdomslag, Hildegunn Gjelsvik, er stolt av at Huset i bygda er ei satsing som starta i Sogn og Fjordane og som no spreier seg til andre ungdomslag i resten av landet.

Lenker

For meir informasjon

Christoffer Knagenhjelm
rådgjevar Huset i bygda
480 04 817
christoffer@ungdomslag.no

Sissel Lillebø Aarseth
fagkoordinator, Sogn og Fjordane fylkeskommune
911 52 030
sissel.lillebo.aarseth@sfj.no

Jo Tore Kristoffersen
rådgjevar gis og analyse, Fylkesatlas
415 68 944
jo.tore.kristoffersen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00