ordsky

Kulturblogg i ny drakt

Kulturbloggen skal vere ein arena for kulturdebatt og for å fremje aktuelle tema innanfor det store og omfattande området «kultur». Vi ønskjer gjestebloggarar velkomne.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tidlegare drifta ein kulturblogg gjennom Kulturnett Sogn og Fjordane. Denne var i fleire år ein god arena for debatt og diskusjon om store og små tema frå kultursektoren i fylkeskommunen eller for kulturinstitusjonane i fylket.

Bloggarane var gjerne direktørar, avdelingsleiarar og tilsette ved kulturinstitusjonane, samt eit knippe engasjerte privatpersonar. Når vi no relanserer kulturbloggen håpar vi å opne debattarenaen for fleire engasjerte menneske i Sogn og Fjordane.

Nynorskbloggarane opnar ballet

Dei som får æra av å blåse nytt liv i kulturbloggen i Sogn og Fjordane, er dei eminente nynorskbloggarane våre. Gjennom ungdomsprosjektet «Mine meiningar på mitt språk» har fylkeskommunen eit ønske om å inspirere fleire ungdomar i fylket til å skrive og uttrykke seg på nynorsk. Vi har valt blogg som formidlingskanal. I månadane som kjem skal vi verte betre kjende med dei ti ungdomane som deltek i prosjektet.

Dei ti deltakarane kjem frå ulike stader i fylket, er mellom 15 og 26 år og har svært varierande interesser. Det dei har til felles er eit ønskje om å ytre meiningane sine på målet sitt – nynorsk.

Les meir om prosjektet og om deltakarane på sfj.no/ungdomsblogg, og følg med på kulturbloggen for å lese innlegga deira om sjølvvalde tema. Du kan også følgje nynorskbloggarane på Facebook.

Ta kontakt med kulturavdelinga i fylkeskommunen om du har lyst å skrive på kulturbloggen:

Sigrun Espe
sigrun.espe@sfj.no
990 44 666

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00