Kulturambassadørane frå Bremanger fekk Fylkeskulturprisen

Bremanger Musikklag kunne i år ta imot Fylkeskulturprisen – etter å ha vore nominerte dei siste fem åra. Dei får prisen for sin imponerande innsats med å spreie musikkopplevingar og glede til eit stort publikum både i og utanfor fylket.

– Dette er ikkje ei avskjedsgåve. Prisen er meint som ein inspirasjon til nye prosjekt og konsertar – til meir glede, sa leiar for hovudutvalet for kultur, Nils Gjerland, då han delte ut prisen tysdag 11. desember.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes stod for sjølve overrekkinga av eit diplom og 50 000 kroner.

Viktig lærearena

Bremanger Musikklag vart stifta i 1996 og er eit samarbeid mellom unge og eldre frå musikklivet i kommunen og Bremanger skulemusikk. Dei kombinerer korps, band og vokalistar/solistar og har fleire store samarbeidsprosjekt bak seg. Blant desse er ABBA-prosjektet frå tidleg på 2000-talet og no sist 70-talspop-prosjektet.

– Med sine dyktige musikarar og songarar, spreier dei glede og entusiasme. Musikklaget er også ein viktig lærearena for nye unge talent, som får inspirasjon av prestasjonane til dei meir etablererte utøvarane. Bremanger Musikklag har med lokal tilknyting, kreativitet og entusiasme, blitt ei positiv merkevare for Bremanger-samfunnet, sa Gjerland i talen sin.

Musikklaget har stått på scena rundt om i heile Sogn og Fjordane, i tillegg til i Ålesund og i Grieghallen i Bergen.

Korps er sosialt lim

Dirigent Trond Strand og Anne Kristoffersen tok imot prisen på vegne av musikklaget. Dei er glade for prisen, og meiner det er flott å gjere ære på korpsmusikken.

– Vi er både overraska og beæra over prisen. Det er flott at korpsmusikken vert sett pris på. Korps er både inkluderande, og det er eit sosialt lim i mange bygder og lokalsamfunn, sa Strand.

Bremanger Musikklag talde 20 medlemmar ved starten i 1996, noko som no har vorte til over 30. I tillegg til større prosjekt, er laget ein naturleg aktør ved lokale arrangement 17. mai og ved julekonsertar i Berle og Bremanger kyrkje.

Sjå opptak frå prisutdelinga.

Talen til leiaren for hovudutvalet for kultur, Nils Gjerland.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven