Cultural_Planning_Logo_cropped_958x388

Kultur for samfunnsutvikling

Kultur for samfunnsutvikling (Cultural planning) er ein systematisk måte å sette kultur på dagsorden i samfunnsutvikling og planlegging.

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk kulturforum (NOKU) har samla erfaring gjennom eit pilotprosjekt i Sogn og Fjordane. Prosjektet har henta kunnskap og idear frå tilsvarande prosjekt i Sverige, Finland og England. Pilotprosjektet vart gjennomført i fire kommunar i Sogn og Fjordane i 2012 – 2014.

NOKU har no utarbeidd ein rapport frå arbeidet. Den kan du lese her (pdf). 

Korleis nytte kultur for samfunnsutvikling?

I internasjonal samanheng skårar Norge høgt på alle mål for sosial kapital. Dette tyder at vi har gode lokalsamfunn der tillit, nettverk og inkludering fungerer bra. Aktiviteter og møteplassar er viktige her.

Kultur er fellesskap. Kultur er kreativitet der undring får plass og endring skjer i ein kontinuerlig prosess. Korleis bruke dette på ein god måte i eige lokalsamfunn?

Vi leitar ofte etter noko nytt, men erfaring viser at vi bør starte med det vi har, det vi er stolte av og det som kjenneteiknar oss og skil oss frå andre.

Det er viktig å ha eit heilskapleg og langsiktig perspektiv i arbeidet med samfunnsutvikling og kulturstrategiar. Ting tek tid, ofte veldig lang tid. Men om vi bruker denne tida godt kan det gi uana resultat. Samfunnet er det vi finn og skapar saman. Vi veit difor ikkje alltid kvar vi vil eller kvar vi skal. Utnytt dette til å få nye idear og finne fleire moglege løysingar.

Kva har vi funne?

Innfallsvinkel

Ståstaden er det mest grunnleggjande skillet. Ein opnare og breiare innfallsvinkel, forankring og involvering.

Ein god kultur for samfunnsutvikling er til stades når:

  • Politikarane er involvert og har eigarskap til prosessane
  • Alle sektorar, innbyggjarane, næringsliv og sentrale interessentar er invitert og involvert
  • Dialogen går føre seg på opne møteplassar der alle kjem til orde.
  • Innspel vert systematisert, gjort synleg og formidla
  • Alle kan følgje prosessane undervegs og ser synlege resultat
  • Vil-prosessar der medverknad, engasjement og lyst er tillate og spurt etter.

Dette tek tid.

Verdigrunnlaget i kultur for samfunnsutvikling kan framstillast slik:

Verdigrunnlag_modell_PS.jpg

Grunnlaget for all samfunnsutvikling er staden sin eigenart og dei sosiokulturelle kjenneteikna ved dette samfunnet. Alle sektorar leverer inn i ein prosess der haldningar, verdiar, kunnskap vert sett i samanheng. Kultursektoren kan bringe inn undring, innovasjon og kreativitet. Endringsevne og –vilje er viktige parameter.

Prosessen kan illustrerast som ein alltid pågåande dialog der ein på basis av verdigrunnlaget vil hente fram relevant kunnskap der det trengs i alle faser av arbeidet.

Planprosessen_modell_PS.jpg

Kunnskapsoppbygging

Det er viktig å ta vare på og bygge kunnskap om og i kultursektoren. Mange kommunar manglar i dag kulturfagleg tilretteleggar- og utviklarkompetanse. Kultur vert ofte ikkje tatt med i plan og strategiarbeid, sjølv der dette er naturleg. Samtidig veit vi at dei sosiokulturelle kjenneteikna er avgjerande for vellukka samfunnsutvikling. Den gjensidige kontakten og samarbeidet på tvers av etablerte sektorar er heilt avgjerande for at metodane i Kultur for samfunnsutvikling skal fungere som grunnlag for god samfunnsutvikling.

Ein treng kunnskapsutvikling innan:

  • Bestillarkompetanse
  • Tilretteleggarkompetanse
  • Utviklarkompetanse
  • Gjennomføringskompetanse
  • Formidlingskompetanse
  • Prosess- og prosjektkompetanse

Kommunane si læring og kompetanseoppbygging i pilotprosjektet:

  • Auka medvit i høve til medverknad
  • Forståing for å spele på og bruke eksisterande ressursar og strukturar
  • Bevisstheit omkring prosessarbeid. Viktigheit av å sette av nok tid til innleiande arbeid og prosessen sjølv vert vektlagt like mykje som resultatet
  • Erkjenning av at kunnskapsformidling må vektleggast gjennom heile prosessen
  • Forståing for at det er viktig å sikre og forankre tverrfaglegheit i organisasjonen for betre løysingar, resultat og måloppnåing
  • Forståing for at ting tek tid, veldig lang tid.

Pilotprosjekt i Sogn og Fjordane

Alle kommunane i Sogn og Fjordane fekk tilbod om å delta. Seks kommunar var interesserte. Av desse var 4 kommunar med på heile prosessen. Dette var Gulen, Solund, Eid og Naustdal.

Hovudaktivtetar i pilotprosjektet.

Seminar om Kultur som samfunnsutvikling – hausten 2012 

Studietur til London våren 2013

Seminar i Borås, september 2013. At fånga platsens sjel: program (pdf) og deltakarliste (pdf)

Besøk hos deltakarkommunane september 2013. 

Seminar på Eid, oktober 2013: program (pdf), referat (pdf), presentasjon Eid kommune (pdf), presentasjon Masterclass med Bergdahl og Hjort (pdf) og presentasjon Cultural Planning Laboratory (pdf)

Rapport 2013 

Besøk hos deltakarkommunane juni 2014: bakgrunnsnotat (pdf), invitasjon (pdf)  og referat (pdf) 

Studietur til Helsinki/Sibbo hausten 2014

Rapport 2014 


Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00