Foto av dei fire nye kompetansemeklarane i VRI4-prosjektet til fylkeskommunen. Det er tre menn og ei kvinne som står framfor lokala til Forskingsrådet i Oslo.

VRI4-kompetansemeklarar i Sogn og Fjordane 2017–2019. Frå venstre Paul Jacob Helgesen (sjømatnæringar), Synnøve Aabrekk (reiseliv), Trond Haavik (fornybar energi) og Stein Harald Hjeltnes (landbruk). Biletet er teke utanfor lokala til Forskingsrådet på Lysaker i Oslo i samband med kurs for nye kompetansemeklarar 13. juni 2017. (Foto: Arne Monrad Johnsen)

Kompetansemeklarane på plass

Kompetansemekling er del av forskings- og utviklingsprosjektet til fylkeskommunen, VRI4-prosjektet. Fire nye kompetansemeklarar skal gi råd og hjelp til bedrifter og nettverk i fylket.

VRI4 er Sogn og Fjordane fylkeskommunen sitt treårige prosjekt for rekruttering og mobilisering til forsking og utvikling (FoU). Fylkeskommunen får midlar til prosjektet frå Forskingsrådet, og Arne Monrad Johnsen i fylkeskommunen er prosjektleiar.

Ansvar for kvart sitt fagområde

Eitt av verkemidlane i prosjektet er kompetansemekling. Rollane som kompetansemeklarar vart lyste ut som offentleg innkjøp i april. No er fire kompetansemeklarar på plass og klare til innsats. Dei fire får ansvar for kvart sitt prioriterte satsingsområde i verdiskapingsplanen for fylket.

Trond Haavik får ansvar for fornybar energi, Paul Jacob Helgesen for havbruk og sjømatnæringar, Stein Harald Hjeltnes får ansvar for landbruk og Synnøve Elisabeth Aabrekk for reiseliv.

Gratis rådgjeving og hjelp

Kompetansemeklarane skal diskutere prosjektidear og moglegheiter med bedrifter og nettverk i fylket – og kople bedrifter med relevante FoU-miljø. Kompetansemeklarane kan også arrangere møte for bedrifter og forskarar, og diskutere moglegheiter og idéar. Kompetansemeklarane skal mobilisere til regionale, nasjonale og internasjonale FoU-program.

Alle relevante bedrifter og nettverk i fylket kan spørje kompetansemeklarane om hjelp. Hjelpa er gratis for bedriftene. Kompetansemeklarane skal også informere om aktuelle FoU-støtteordningar. 

Kompetansemeklarane skal samordne aktivitetane sine med kvarandre og med arbeidsgruppa og prosjektleiinga i VRI4-prosjektet. Dei skal også samarbeide med regionale utviklingsprogram, kunnskapsparkar, næringshagar, kommunale og interkommunale vekstselskap og det offentlege verkemiddelapparatet.

Kven er kompetansemeklarane?

Trond Haavik – Fornybar energi

Segel AS
908 98 370
trond@segel.no

Trond har etter studie og arbeidsopphald i utlandet jobba som innovasjonsrådgjevar i over 20 år i Segel AS på oppdrag for ei rekke bedrifter. Han er òg ein av dei som Innovasjon Norge nasjonalt har rekruttert som prosjektleiar til fleirbedriftsprosjekt. Sidan 2003 har Trond også vore involvert i internasjonale forskingsprosjekt relaterte til energieffektive bygg. Dette omfattar prosjekt som har partnarar frå fleire verdsdelar, så vel som EU-prosjekt og nordisk samarbeid. Han har såleis brei erfaring med prosessar frå tradisjonell forretningsutvikling til større FOU-prosjekt med mange partnarar.

Paul Jacob Helgesen – Havbruk og sjømatnæringar

Segel AS
489 98 383
paul.jacob@segel.no

Paul Jacob er utdanna akvaingeniør frå Høgskolen i Bergen. Med marin sektor som ansvarsområde har han gjennom sitt arbeid i Segel AS erfaring med FoU-arbeid i sjømatnæringane og god kjennskap til verkemiddelapparatet. Han har også jobba med både fiskerinæringa og havbruksnæringa gjennom fleire år i Fiskeridirektoratet region vest og arbeidde før det på Havforskingsinstituttet i Bergen.

Stein Harald Hjeltnes – Landbruk

Njøs Næringsutvikling
957 34 576
stein.harald.hjeltnes@graminor.no

Stein Harald er dagleg leiar i Njøs næringsutvikling, har lang røynsle frå landbruksforsking og er også fruktforedlar i Graminor. Han har vore sentral i utviklinga av frukt- og bærklyngja i Sogn og Fjordane, fyrst gjennom Programstyret for frukt og grønt og seinare gjennom Arena frukt og bær. Stein Harald var deltemaleiar for mat og reiseliv i VRI 3 og har lang røynsle med å utvikle og gjennomføre FoU- og innovasjonsprosjekt.

Synnøve Elisabeth Aabrekk – Reiseliv

2469 Reiselivsutvikling AS i samarbeid med Segel AS
416 22 807
synnove@2469reiseliv.no

Synnøve har bachelor i internasjonal marknadsføring og økonomi frå MRDH, Molde. Ho har brei erfaring med prosjektleiing, strategi- og marknadsutvikling for reiselivsnæringa gjennom 20 år som bedriftsrådgjevar i Segel AS. Synnøve  er godkjent prosessrettleiar for reisemålsutvikling / masterplanutvikling og bærekraftig destinasjon frå Innovasjon Norge. Ho har vore konstituert dagleg leiar i Visit Nordfjord og Visit Sognefjord. Synnøve har jobba mykje med strukturorganisering for destinasjonsselskap, herunder utvikling av nye forretningsmodellar. Synnøve er innleigd seniorkonsulent i NCE Tourism Fjord Norway ut inneverande kontraktsperiode (2019).

Medlemer i arbeidsgruppa i VRI4

Dag Lothe
Forskingsrådet, regionansvarleg for Sogn og Fjordane
913 80 567
dl@forskningsradet.no

Zuzana Nordeng, PhD
forskar / seniorrådgjevar EU-forsking
Vestlandsforsking
902 29 096
zno@vestforsk.no

Karianne Kojen Andersen
rådgjevar EU
Innovasjon Norge Hordaland/Sogn og Fjordane
936 66 116
karianne.kojen.andersen@innovasjonnorge.no

Kontakt ved Høgskulen på Vestlandet

Helge Hustveit
seniorrådgjevar
57 67 62 25
helge.hustveit@hvl.no

For meir informasjon

Les meir om VRI4-prosjektet her.

Arne Monrad Johnsen
prosjektleiar VRI4
415 30 978
arne.monrad.johnsen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00