Kommunesamlingar

Gjennom prosjektet vert det arrangert samlingar med der alle deltakarkommunane vert invitert inn til å diskutere uliek tema i prosjektet.

4. samling:​

​Fjerde og siste samling i prosjektet blei gjennomført 20.-21. september i Sogndal. Temaet for samlinga var "omstilling til nullutslepp", altså utsleppsreduksjon. Deltakarkommunane presenterte kvar dei sto i sine planarbeid, og korleis prosjektet blei nytta inn i desse. Ida-Beate Mølmesdal presenterte nyleg vedteken Regional plan for klimaomstilling, og fylkeskommunene sine forventningar til kommunane i klimaarbeidet. Carlo Aall frå Vestlandsforsking presenterte to ulike reapportar knytt til klimaarbeidet i kommunane. "Kortreist kvalitet" frå KS og "Potensial og barrierer for kommunale klimatiltak" frå Miljødirektoratet. 

Deltakarane fekk også prøve å spele HOPE-spelet, for å sjå på korleis ein kan gjere endringar i privat forbruk for å redusere klimagassutslepp. Deltakarnane spelte med ein gjennomnittsfamilie, og klarte til slutt å redusere klimagassutsleppa sine med 40 %. Dette var hovudsakleg innan mobilitet, og det som gjorde spesielt stort kutt var å redusere flyreiser med destinasjon utanfor Europa med 90 %. Vidare blei det diskutert korleis ein som kommune kunne bidra til å gjennomføre dei ulike tiltaka. 

På dag to deltok Marit Hepsø frå Miljødirektoratet via video for å snakke om tilgjengeleg utsleppsstatistikk for kommunane og aktuelle verktøy for å kalkulere effekt av tiltak. Deltakarane måtte gjennomføre oppgåver for å gjere seg kjent med verktøya og statistikken. 

Prosjektet går inn i sin avsluttande fase, med avslutting våren 2019. Det vidare arbeidet vil føregå i og med dei enkelte kommunane og i dialog med styringsgruppa. 

4.samling med deltakarkommunane

3. samling:

Tredje kommunesamling blei gjennomført på Skei 30.-31. januar 2018 i samband med NVE sin fagsamling. Temaet for samlinga var «tilpassing til klimaendringar». På samlinga presenterte dei ulike kommunane status for sitt arbeide med lokale analysar og pågåande planarbeid. Frå prosjektleiinga deltok representantar frå Vestlandsforsking, fylkeskommunen, HVL og NVE. Presentasjonane frå NVE fagsamling finn du her.

NVE fagsamling

2. samling:

2.samling skei 3.JPG

Andre kommunesamling blei gjennomført på Skei 15.-16. juni 2017. Temaet for samlinga var sårbarheit for klimapolitikk, i tillegg til lokalt klimagassrekneskap. På samlinga presenterte dei ulike kommunane arbeidet med sine lokale analysar, knytt til pågåande planarbeid. Frå prosjektleiinga deltok representantar frå Vestlandsforsking, fylkeskommunen og NVE. Presentasjonane frå desse dagane finn du her og her.

1. samling:

1. samling

Desse deltok på oppstartsmøtet for forskingsprosjektet Samhandling for grønt skifte. F.v Synnøve Stalheim (plansjef, Sogn og Fjordane fylkeskommune) Trine Alme (Gloppen kommune), Solfrid Trå (Jølster kommune), Jan Roy Dalheim (Årdal kommune), Kaia Moen (Flora kommune), Ørjan Stubhaug (Naustdal kommune), Ida-Beate Mølmesdal (klimakoordinator Sogn og Fjordane fylkeskommune), Carlo Aall (Vestlandsforsking), Eline Orheim (Fylkesmannen), Beate O. Kronberg (Gloppen kommune), Lisbeth Lervik Helset (Stryn kommune), Idun Husabø (Vestlandsforsking), Elin Leikanger (Eid kommune) og Geirmund Dvergsdal (Stryn kommune).

Fyrste kommunesamling blei arrangert i samband med KS sitt klimatilpassingskurs 13.-14. mars 2017. Tematikken var overlappande, sårbarheit for klimaendringa, så KS sitt kurs blei ein del av deltakinga til deltakarkommunane. I forlenginga av kurset deltok deltakarkommunane i prosjektet på eit felles oppstartsmøte for prosjektet. Presentasjonen frå samlinga finn du her. Frå prosjektleiinga deltok representantar frå Vestlandsforsking, fylkeskommunen og Fylkesmannen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette