Folkehelsekoordinatorar i kommunane

På eit overordna nivå skal folkehelsekoordinatoren i kommunen vere med på å sikre «helse i alt vi gjer» i kommunalt planleggings- og iverksettingsarbeid.

Folkehelsekoordinatorane si rolle

Til folkehelsekoordinatorstillinga ligg ansvar for at føringane i Lov om folkehelsearbeid vert følgde opp i kommunen. Til stillinga vert det også lagt ansvar for det lovpålagde arbeidet med å ha oversikt over helsetilstand og faktorar som påverkar denne. I kommunen skal det føreligge ei oversikt over innbyggarane sine levekår og livskvalitet. Denne oversikta skal, mellom anna, leggast til grunn for kommunen sitt planarbeid. I tillegg har også folkehelsekoordinatorane ansvar for konkrete prosjekt og tiltak i nokre kommunar. Desse er ofte retta mot fysisk aktivitet og kosthald.

Folkehelsekoordinatorstillinga i kommunane er i endring. Innhaldet i stillinga og plassering i organisasjonen er, og har vore, ulik i kommunane. Nyleg har nokre kommunar valt å ikkje ha ei spesiell folkehelsekoordinatorstilling eller har lagt denne ned. Grunngjevinga for dette er at «helse i alt vi gjer» er eit ansvar som alle planleggarar, og dei som set i verk tiltak, i kommunen har. Såleis vil ein bygge ned sektortenkinga omkring levekårs- og livskvalitetsarbeidet. Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) har klare føringar for folkehelsearbeidet i kommunen.

Folkehelsekoordinatorar/kontaktpersonar i Sogn og Fjordane per. 08.06 2018 PDF document ODT document

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne-Lene Norman
Rådgjevar
Anne-Lene.Norman@sfj.no
415 30 378

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette