Kommunane kan få støtte til å utdanne miljøfyrtårnsertifisørar

Både private og offentlege verksemder kan bli miljøsertifiserte. Dette er eit bevis for at dei er opptekne av klima og miljø, noko som vert viktigare når verksemder skal marknadsføre seg sjølve. Miljøsertifiserte verksemder sparer også miljøet, på både kort og lang sikt.

Førstemann til mølla

Det er kommunane som har fullmakt til å miljøsertifisere verksemder. Ideelt sett skulle kvar kommunane hatt ein sertifisør.

Det første kurset for å verte miljøsertifisørar er i februar 2013. Kommunane kan søkje om inntil 10 000 kroner per sertifisør, og midlane vert fordelte etter førstemann til mølla-prinsippet. Det er berre kommunar som alt er medlem av miljøfyrtårn-nettverket som kan utdanne sertifisørar.

Kommunar som står utanfor dette nettverket kan likevel søkje om midlar til kursing. Dei må då leggje ved ein tidsplan for når og korleis dei ønskjer å verte medlemmar.

Stiftinga Miljøfyrtårn

Brev til kommunane om utdanning av miljøfyrtårnsertifisørar

For meir informasjon

Ylva Torillsdotter Tyssing
e-post: ylva.torillsdotter.tyssing@sfj.no
tlf. 57 65 61 97

Del dette:

Tips ein ven