Midlar til klimasatsinga i DIN kommune

I statsbudsjettet for 2019 er det sett av 151,8 millionar kroner til Klimasats-ordninga til Miljødirektoratet. Midlane skal utløyse lokale klimatiltak som reduserer klimagassutslepp, og bidreg til ei omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Les meir om ordninga her. Søknadsfrist er 15.februar 2019 kl.24:00.

Dette er eit godt høve til å søke midlar til klima- og miljøtiltak i kommunane i Sogn og Fjordane. Miljødirektoratet arrangerer 20.november eit webinar der ein kan stille spørsmål om alt du lurer på kring ein Klimasats-søknad.

 

Pengane skal gå til tiltak som reduserer klimagassutslepp på kort og lang sikt. Det vert også gitt tilskot til planlegging og utgreiing av klimatiltak, og til kompetanseheving i nettverk. Søknaden må vere politisk forankra i kommunen.

 

5 grupper med tiltak får støtte i 2019:

1.       Klimavenleg areal- og transportplanlegging

2.       Investering i klimavenlege transporttiltak

3.       Klimagassreduserande tiltak i andre sektorar

4.       Forprosjektering av tiltak som reduserer klimagassutslepp – hjelp til å komme frå ord til handling

5.       Nettverk for kompetanseheving og erfaringsdeling

nettsidene til Miljødirektoratet kan ein finne oversikt over kva type prosjekt som har fått støtte til 2016, 2017 og 2018. Det er også mogeleg å finne sida «Lokalt klimaarbeid» på Facebook, der kommunar og andre som jobbar med klima lokalt deler erfaringar og informasjon.

 

Kven kan søke?

Kommunar, fylkeskommunar og kommunale føretak organisert etter kommunelova kap.11. Ein kan søke saman eller kvar for seg.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven