To bilete av smilande personar i gruppe som mottek diplom for pris og klyngestatus.

Foto til venstre: Tom Hansen/Innovasjon Norge, til høgre: Zero

Klimapris og klyngestatus til hydrogensatsinga

Hydrogensatsinga i fylket har fått fleire prisar og utmerkingar denne veka. Maritim Foreining Sogn og Fjordane har fått status som næringsklynge for hydrogen, og Flora kommune har fått prisen Årets lokale klimatiltak 2018 for arbeidet med å utvikle ein hydrogendriven passasjerbåt.

Flora kommune vart utnemnt til vinnar av prisen for Årets lokale klimatiltak 2018 under Zerokonferansen onsdag kveld. Kommunen fekk prisen for å ha initiert prosjektet som no har resultert i utvikling og design av ein 30 meter lang hydrogendriven passasjerbåt.

– Årets vinnar er eit pilotprosjekt i ordets rette forstand, med utvikling av heilt nye løysingar med stor overføringsverdi til andre norske og internasjonale aktørar. Prosjektet er òg eit godt eksempel på samarbeid mellom kommunesektoren, lokalt næringsliv og andre aktørar, seier jurymedlem Odd Einar Dørum.

Les meir på nettsidene til klimastiftinga Zero.

Vinnarane av Årets lokale klimatiltak og juryen. Fv: Morten Berntsen, Trøndelag fylkeskommune, Geir Knutsen, Båtsfjord kommune, Anders Espeseth og Jan Henrik Nygård, Flora kommune, Odd Einar Dørum, Marius Holm, ZERO, Kristine Falkgård, Kommunalbanken.
Vinnarane av Årets lokale klimatiltak og juryen. Fv: Morten Berntsen, Trøndelag fylkeskommune, Geir Knutsen, Båtsfjord kommune, Anders Espeseth og Jan Henrik Nygård, Flora kommune, Odd Einar Dørum, Marius Holm, ZERO, Kristine Falkgård, Kommunalbanken. Foto: ZERO

Støtte til hydrogenklynge

Torsdag offentleggjorde Innovasjon Norge at Maritim Foreining Sogn og Fjordane får nasjonal støtte til å opprette Arena-klynga Ocean Hyway Cluster. Klynga skal femne om bedrifter som er kopla opp mot hydrogenbruk i dei havbaserte næringane. Hensikten med satsinga er å sikre at Noreg blir leiande i verda på bruk hydrogen som energiberar. 

Ocean Hyway Cluster vann fram i hard konkurranse med mange gode søknader, og var ein av sju nye klynger som er tekne opp i det nasjonale klyngeprogrammet.

– Maritim Forening Sogn og Fjordane sin søknad har med heile verdikjeda og er tufta på ein berekraftig idé. Innovasjon Noreg ønsker lykke til i det vidare arbeidet, seier administrerande direktør i Innovasjon Noreg, Anita Krohn Traaseth.

Les meir på nettsida til Maritim Forening Sogn og Fjordane

Fire menn og ei dame frå klyngesamarbeidet står og smiler og viser fram diplom og blomebukett. To damer frå Innovasjon Norge står bak dei.
Frå venstre Trond Strømgren og Stein Kvalsund i Maritim Forening Sogn og Fjordane, Ingrid Riddervold Lorange i Innovasjon Norge, Erling Holden frå Høgskulen på Vestlandet, Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Norge, Per Jørgen Silden i Skipskompetanse/Maritim Forening Sogn og Fjordane, Elisabet Kjerstad Bøe frå fylkeskommunen. Foto: Tom Hansen/Innovasjon Norge

Motiverer til vidare satsing

– Dette er svært gledeleg. Utmerkingane viser at vi har gjort mykje riktig i vår langsiktige og breitt forankra satsing på hydrogen her i fylket, og gjev ein ekstra motivasjon i arbeidet, seier prosjektleiar for fylkeskommunen si hydrogensatsing, Elisabet Kjerstad Bøe.

Bøe har nyleg lagt fram sluttrapporten frå det toårige prosjektet til hovudutvalet for næring og kultur. No skal Bøe førebu eit framlegg til vidareføring av arbeidet, som utvalet skal ta stilling til på sitt novembermøte.

Sluttrapporten og fleire andre rapportar frå prosjektet kan lastast ned frå nettsida til satsinga.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Elisabet Kjerstad Bøe
prosjektleiar, Hydrogen Region Sogn og Fjordane
915 91 548
elisabet.kjerstad.boe@sfj.no

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00