blank document image 1
Foto: Colin Tattersall
blank
Klimaarbeidet i kommunane
Gjennom utviklinga av eigne klimaplanar legg kommunane eit viktig grunnlag for kunnskap og kompetansebygging i høve klimautfordringane.

Kommunane bør vera best mogleg budde på klimaendringane, og unnlata å byggja ny sårbarheit inn i samfunnet. Samstundes er det viktig at kvar enkelte kommune bidreg til at klimagassutsleppa blir redusert. Fylkesdelplan for klima og miljø vil vere ein god reiskap for kommunane i deira arbeid med klima og klimaplanar. Frå nasjonalt hald er det nesten utelukkande fokus på utslepp frå produksjon. Fylkesdelplan for klima og miljø fokuserer i tilegg på utslepp knyta til forbruk og det er også her kommunane sitt med flest verkemidel og muligheit til påverknad.

Å kartlegga status på klimaarbeidet i kommunane er eit viktig ledd i oppfølgjinga av fylkesdelplanen. Oppfylgingsarbeidet i høve kommunane skjer i regi av ei styringsgruppe nedsett av fylkeskommunen, KS og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Sjekkliste til kommunane

Som første ledd i kartlegginga av klimastatus i kommunane laga vi ei sjekkliste som vart sendt rundt til kommunane i slutten av 2009. Sjekklista gir ein peikepinn om korleis klimaarbeidet i kommunane ligg an i høve til fylkesdelplan for klima og miljø, samstundes som den tydeleg viser dei tiltaka i fylkesdelplanen der kommunane er ansvarleggjort.

Følgjebrev til sjekklista i høve fylkesdelplan for klima og miljø finn du her

ENOVA har gitt støtte til mange kommunar i utarbeiding av klimaplanar. På heimesida si har ENOVA laga ei oversikt over kva kommunar som har utarbeida klimaplanar, kven som har starta opp arbeidet og kven som ikkje har planar om dette.

 

 

MiSA tilknyta NTNU i Trondheim har utarbeida eit svært interessant analyseverktøy i høve kommunale og fylkeskommunale klimagassutslepp; klimakost. Dette verktøyet presenterar mellom anna ”klimafotavtrykk” for dei ulike kommunane. Ved hjelp av nye metodar kan ein kartlegga indirekte utslepp knyta til kommunal og fylkeskommunal aktivitet. Slike rekneskap tydeleggjer kva type reduksjonstiltak det vil vera mest fruktbart og lønsamt og setja i verk. 

 




Utskriftsvennleg side


Back
Copyright © Symfoni Software AS All rights reserved • Developed by Symfoni Software AS