qzvc 35k 26l

Foto: Stian Nest

50 000 kr til klimapris

Fylkespris for klima- og miljøarbeid

Ved vedtak av Regional plan for klimaomstilling i 2018 blei det vedteke å etablere ein fylkesdekkande klima- og miljøpris. Alle kan føreslå aktuelle personar, verksemder, lag eller organisasjonar fram til 31. desember. Prisen er på 50 000 kr.

Føremål og kriterium

Klima- og miljøprisen skal vere til heider for einskildpersonar, lag, organisasjonar og verksemder som har utmerka seg innanfor klima- og miljøvernarbeid i året som gjekk. Prisen skal femne breitt. Sogn og Fjordane fylkeskommune kan kvart år dele ut ein klima- og miljøpris på 50 000 kr.

Føremålet med prisen er å inspirere og hjelpe fram klima- og miljøarbeidet i fylket. 

Prisen kan delast ut til personar, verksemder, lag eller organisasjonar som:

  • høyrer heime i fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv klima- og miljøinnsats utover det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping
  • bidra til at vi saman får til ei klimaomstilling i Sogn og Fjordane

Ein vil særleg vere oppteken av at prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med ei klimaomstilling av Sogn og Fjordane, og motivere til vidare innsats.

Søknad og handsaming

Ei innstillingsnemnd utpeika av fylkesutvalet, og ein representant utpeika av ungdomspolitisk utval, vurderer og innstiller kandidat(ar) til klima- og miljøprisen. Det er opp til utvalet om dei vil fremje eigne kandidatar eller velje mellom dei innkomne framlegga. Fylkesrådmannen vil halde sekretariat for nemnda.

Fylkesutvalet avgjer om prisen skal delast ut og kven som skal få han, basert på innspel på kandidat(ar) frå innstillingsnemnda. Dersom klima- og miljøprisen vert delt ut til fleire personar, skal prissummen fordelast på mottakarane. Dersom prisen vert delt ut til ein person som blir heidra gjennom sitt arbeid i eit lag eller ein organisasjon, skal premiesummen tildelast organisasjonen. 

Tildelinga av klima- og miljøprisen vert gjort offentleg når fylkesutvalet har gjort vedtaket sitt. Nominasjonsfristen vert ved utgangen av året prisen gjeld for. Utdelinga skjer i samband med første tingsetet påfølgjande år. Grunngjevinga frå fylkesutvalet vert presentert av fylkesordføraren, som også står for sjølve utdelinga. 

I 2018 er fristen sett til 31. desember. Alle kan sende inn ein nominasjon anten via skjemaet her på nettsida eller ved å sende e-post til post@sfj.no.

Nominasjon kan også leverast via post til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Merk nominasjonen med «Nominasjon til klima- og miljøpris (ESA 18/6603)».

Innstillingsnemnd 2018

Hilmar Høl (leiar)

Gunhild Berge Stang

Sigurd Erlend Reksnes

Vara: Trude Brosvik

Eitt medlem utpeika av Ungdomspolitisk utval (kjem)

Skjema for å føreslå kandidatar

Frist: 31. desember

Lag, organisasjon, verksemd eller person(ar)


Kontaktopplysningane vert nytta ved spørsmål knytt til nominasjonen din.



Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven