Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Tora Eileen Boatwright Lambrechts, Didrik Mjanger, Folke Melby og Stella Birthe Poland er plukka ut som miksinnslag. Dei skal delta på den nasjonale UKM-festivalen med ei ny låt dei har laga saman i etterkant av UKM-festivalen Sogn og Fjordane. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Klare for UKM-festivalen 2017

20 ungdomar frå Sogn og Fjordane reiser onsdag 21. juni til UKM-festivalen i Sandnes.

UKM-festivalen går over tre dagar med arrangement frå tidleg morgon til sein kveld.

I tillegg til å delta på sceneframsyningar og kunstutstilling, skal ungdommane jobbe saman ungdommar frå andre fylke i ulike verkstader to heile dagar – under overskrifta  #ukmblend. Tema for #ukmblend er DinID, og resultatet av verkstadane blir vist i Sandnes sentrum laurdag 24. juni.

Deltek med miksinnslag

Under UKM-festivalen i Høyanger tidlegare i år plukka fagpanelet ut deltakarar til eit miksinnslag frå Sogn og Fjordane. Desse fire møttest for ei tid sidan og laga ei heilt ny låt saman, som dei skal delta med på festivalen.

Det er første gong Sogn og Fjordane har med eit miksinnslag på den nasjonale festivalen.

Meir enn musikk, dans og kunst

UKM er ikkje berre for dei som driv med musikk, dans eller kunst. I år har Sogn og Fjordane med ein ung forfattar frå Bremanger, som skal lese ein sjølvskriven fanfiction-tekst under ei av framsyningane.

To av ungdommane skal vere med som unge arrangørar og ha oppgåver knytte til sjølve gjennomføringa av festivalen. Vi har også ein ungdom som skal vere konferansier under ei av framsyningane. Sogn og Fjordane sine representantar i Ungdommens ressursgruppe nasjonalt (URG) deltek også på festivalen.

Den sosiale delen av festivalen er viktig, og det blir både korslag, grilling i Sandvedparken og nattkino, i tillegg til eit stort avslutningskalas i Sandnes sentrum seint laurdag kveld.

Frå alle delar av fylket

Hovudarenaer for festivalen er Vågen vidaregåande skule og Sandnes kulturhus, der det skal vere sceneframsyningar. Kunstutstillinga blir i KinoKino, eit hus som tidlegare har vore både rådhus og bibliotek.

Deltakarane frå Sogn og Fjordane kjem  frå kommunane Gulen, Eid, Førde, Bremanger, Hornindal, Stryn, Solund, Lærdal, Vågsøy, Gloppen og Årdal. Dei vart plukka til å delta i samband med UKM-festivalen Sogn og Fjordane, som vart arrangert i Høyanger tidlegare i år.

Oversikt over UKM-deltakarane frå Sogn og Fjordane i 2017.

Meir om UKM-festivalen i Sandnes.

Meir informasjon om #ukmblend.

Kontaktperson for turen

Eva Kristin Svidal
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00