Friluftsområder per 13

Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde

Sogn og Fjordane fylkeskommune koordinerer prosjektet Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde (friluftslivkartlegginga), og har som mål at samtlege kommunar skal ha gjennomført friluftslivskartlegging innan utgangen av 2018/2019.

Kvifor kartlegge?

Friluftslivskartlegging er eit kommunalt verkemiddel for å identifisere, utvikle og ivareta areal for friluftsliv. Kartlegginga bidreg også til å auke kunnskapsgrunnlaget for å kunne ivareta god arealplanlegging i kommunane.

Friluftsliv i nærmiljøet er viktig i eit folkehelseperspektiv. Undersøkingar viser at dei fleste som ønsker å bli meir aktive, vil gå turar i nærmiljøet, skog og mark. Skal vi lykkast med å skape meir aktivitet i befolkninga, må det blant anna bli satsa på friluftsliv i nærmiljøet gjennom attraktive leike- og rekreasjonsområde, nærturterreng og grønkorridorar.

Data frå kartlegging gjennomført i andre kommunar, har vist seg svært nyttige i arealplanlegging både i konkrete dispensasjonssaker, i arbeidet med ulike planer og i utviklingsarbeid knytta til friluftsliv.

Gjennomføring

Fylkeskommunen har ansvaret for å koordinere prosjektet gjennom stimuleringsmiddel, fellessamlingar og rettleiing. Det er kommunane som gjennomfører sjølve kartleggings- og verdsettingsarbeidet. Arbeidet følgjer metoden som blir presentert i Miljødirektoratets veileder M98-2013. Prosessen ligg detaljert omtalt på Miljøkommune sine nettsider - sjå lenke i boksen "Eksterne lenker" til høgre.

Infotekst kartlegging og verdsetting av friluftsområde.pngEtter eit politisk forankra oppstartsvedtak går ei fleirfagleg kommunal arbeidsgruppe i gang med å kartlegge friluftsområda i kommunen. Eksterne ressursmiljø og –personar som lag/foreiningar/organisasjonar innan friluftsliv, naturvern og idrett, vel- og hytteforeiningar, skuler og barnehagar og grunneigar-, nærings- og reiselivsorganisasjonar bør involverast i arbeidet. Friluftslivsområda blir kategorisert i ti områdetypar. Deretter blir kvart enkelt område verdsett etter eit sett av 13 kriteria der sju blir framheva som dei viktigaste. Etter eit bestemt mønster blir verdsettinga oppsummert, og kvart område får ein verdi: A for svært viktige områder, B for viktige områder og C for registrert friluftsområde.

Resultata blir publisert i www.naturbase.no og blir offentleg tilgjengelige for alle. Kommunen eig data (Naturbase er berre er eit "datahotell") og temalaget kan bli speigla i eigne elektroniske kartløysingar om kommunen ønsker dette.

Siste fase er å vedta eller lage ein plan for korleis kunnskapsgrunnlaget skal bli brukt vidare. I tillegg er kunnskapsgrunnlaget eit godt grunnlag for generell arealplanlegging. Ser kommunen trong for å tilretteleggje og sikre (kjøpe/evigvarande bruksavtale) nokon av dei svært viktige områda? Bør tilgangen frå bustadområde til nærturterreng bli betre? Skal det bli laga ein plan for ferdselsårer for friluftslivet (sti- og løypeplan) eller grønstruktur i kommunen? Skal dei svært viktige områda bli presentert for befolkninga for å stimulere til meir friluftsliv?

Sjå lenkene i boksane til høgre for meir informasjon. 

Nasjonal forankring

Friluftslivskartlegging er eit nasjonalt tiltak forankra i Stortingsmelding 18 (2015-2016) Friluftsliv Naturen som kilde til helse og livskvalitet. Arbeidet blir leia av Miljødirektoratet.

Status

Prosjektkoordinator i fylkeskommunen starta arbeidet 1. august 2016. Av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane har 19 meldt at dei ønsker å vere med i arbeidet, og elleve kommunar har i større eller mindre grad starta på arbeidet. Ein kommune har fullført og lagt resultata ut på www.naturbase.no (Jølster kommune) og fleire er i sluttfasen. Fylkeskommunen følgjer opp kommunane sitt arbeid gjennom kontakt med enkeltkommunar og regionale samlingar.

Til kommunane

Buskerud fylkeskommune har samla ei rekke dokument og lenker som kan vere nyttige i oppstartsfasen. Desse dokumenta og lenkene følgjer under:

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette