Kari og Claus Kvamme tok imot fylkeskulturprisen

Fylkeskulturprisen for 2011 gjekk til ekteparet som står bak Den norske bokbyen i Fjærland. – Dei får prisen for sitt imponerande arbeid med å fange ideen, etablere, organisere, utvikle, utvide og drifte bokbyen, sa Nils Gjerland.

Gjerland leiar hovudutvalet for kultur, som avgjorde kven som skulle få prisen. I talen før fylkesordføraren overrekte prisen, framheva Gjerland at prisvinnarane er verkelege eldsjeler.

Imponerande prosjekt

– Det er ei glede å utnemne Kari og Claus Kvamme til prisvinnarar. Dei har avslørt seg som eldsjeler. Det er eit imponerande prosjekt å løfte fram noko av det finaste og viktigaste i vårt siviliserte samfunn: Bøker frå alle årgangar, med ulike tidsbilete, tankar, idear og hendingar, sa han.

Bokbyen vart starta med to butikkar i prøveåret 1995 og vart offisielt opna i 1996. Han har sidan vokse til tolv bokutsal langs ei vegstrekning på kring 300 meter. Grunnlaget for bokbyen var stor leseglede, interesse for bøker og kunnskap om litteratur. Ønsket om å få til ny aktivitet i området rundt den nedlagde ferjekaien i Fjærland var også stort.

Ligg mykje arbeid bak

– Eg trur det er rett å seie at Kari og Claus har arbeidd bortimot på fulltid med dette prosjektet som pensjonistar. Og eg trur knapt dei har teke ut løn, slo Gjerland fast før han bad fylkesordføraren overrekkje prisen.

Ekteparet Kvamme var begge på plass i fylkestingssalen på Leikanger for å ta imot prisen. Kari starta med å sitere Bjørnson.

– «Du hilste på flere enn meg». For når eg står her er det som representant for gjeng med folk som har jobba. Eg set veldig stor pris på dette, for eg veit kor mykje arbeid som ligg bak, sa ho.

Vegen vidare

Ho fortalde vidare at målet med bokbyen var å skape liv i bygda.

– Det trur eg vi har klart. Bøker kan vere som gode venner. Det er kjekt å treffe dei att – særleg barnebøker ein ikkje har sett på 50-60 år, slo Kari fast.

Claus heldt fram med å fortelje om utfordringane bokbyen no står overfor.

– Bokbyen har no kome dit at vi må tenkje kvar går vi vidare. Har vi nok bøker, skal vi utvide utvalet, eller skal vi velje nye vegar å gå. Vi har ein ting i lufta. Då vi starta bokbyen var de eit mål å skape liv i Mundal, men vi har minst ein annan funksjon. Vi tek vare på bøker og gjer dei tilgjengelege , sa han.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven