Dagsturhytta Fjellro i Jølster kommune

Dagsturhytta Fjellro i Jølster kommune (Foto: Jølster kommune)

Dagsturhytta Fjellro

Jølster-hytta Fjellro ligg på Jellasva, ein kolle ved stien mot Fugledalen

Fjellro, dagsturhytta i Jølster, ligg rett opp for rundkøyringa på Skei. Den ligg på Jellasva, ein kolle ved stien som går opp til Fugledalen. Hytta har fantastisk utsikt over Jølstravatnet og turen er fin for både born og vaksne.

Tilkomst og parkering

Parker ved Thon Hotel Jølster eller finn ein annan ledig plass i sentrumsområdet. Du kan og parkere ved Skei skule om du vil gå derifrå. Viss ein kjem med buss kan ein gå av ved hotellet, eller ved Esso Skei.

Stien til hytta

Det er tre ulike alternativ for å ta seg opp til dagsturhytta:

  1. Parker ved Thon Hotel Jølster, kryss E39 og ta til venstre i retning Førde. Ta vegen som går opp til høgre like etter du har passert rundkøyringa. Ca 30 m etter at du har passert gjennom første tunet tek du av vegen og føl sti som er merka opp til venstre. Du kjem så inn på vegen att og følgjer den opp til vasstårnet, kommunen sitt høgdebasseng som ligg oppe i skogkanten. Ovanfor vasstårnet går vegen over i sti som du føl vidare opp til hytta. Den er delvis bratt, men god å gå.
  2. Du kan gå frå Haugen Camping der det er merka ein sti frå oppsida av E39. Parker likevel ved hotellet eller ein annan stad i sentrum, for campingplassen har avgrensa parkering for andre enn dei som bur der.
  3. Du kan gå frå Skei skule. Da parkerer du ved skulen og går opp til kraftlinetraseen som føl lia oppafor skulen. Når du kjem opp dit tek du til venstre og føl linetraseen til du møter stien som kjem opp frå vasstårnet. Følg denne vidare opp til Jellasva, der dagsturhytta ligg like ved stien.

Avstandar

Frå alle parkeringsalternativa kan du rekne å bruke mellom 40 og 60 minutt opp til hytta, alt etter form og tempo.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Atle Skrede

Rådgjevar fysisk aktivitet

Atle.Skrede@sfj.no

41530716

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00