Kva gjer informasjonskapslar?

Ein informasjonkapsel er ein kode som vert send frå vår servar til nettlesaren på din PC når du er inne på heimesida. Denne koden vert lagra i nettlesaren. Når du seinare går inn på heimesida, vil informasjonskapselen verte send frå nettlesaren din til servaren vår, som vil "kjenne att" din PC. Dette gjer det mogleg for servaren å tilpasse tenestene til deg som brukar. Har du til dømes stilt inn for høgkontrast attgjeving ein gong, vil servaren syte for at du slepp å gjere den innstillinga om att.

Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) trådde i kraft 1. jul 2013. Lova regulerer vilkår for lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyr - den sokalla "cookie-paragrafen" (ekomlova §2-7b).

Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Dersom du ikkje ynskjer å ta dei i bruk, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at informasjonskapslane ikkje vert lagra automatisk. Du kan bestemme om alle skal blokkerast, eller om du skal ha høve til å velje om dei skal aksepterast eller ikkje. Ved å ikkje akseptere informasjonskapslar, unngår du at PC-en din vert "kjend att" på sida du vitjar. Men samstundes må du rekne med å gå glipp av ein del av dei funksjonane som sida elles tilbyd.