Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Vil ha bevaringsprogram for mellomalderkyrkjer
23. april 2018Hovudutval for næring og kultur bed Riksantikvaren om å støtte vedlikehald av Kinn kyrkje og dei andre steinkyrkjene frå mellomalderen.
Kulturlandskapspris til trio frå Leikanger
17. april 2018Lars Grinde, Roald Lunde og Jon Erling Oppedal får Kulturlandskapsprisen 2018 for deira arbeid med landbruk og skjøtsel i det nasjonalt utvalde kulturlandskapet Grinde–Engjasete.
Ung kultur møttest i Høyanger
16. april 2018300 ungdommar frå heile fylket har denne helga fylt Høyanger med liv og røre på UKM-festivalen Sogn og Fjordane 2018.
Engelskmenn let seg imponere av Den kulturelle skulesekken
12. april 2018Korleis turnere med kunst og kultur på bygda? Dette er temaet for EU-prosjektet Rural Touring, med aktørar frå seks land. Denne veka var representantar frå prosjektet i Sogn og Fjordane.
Klart for UKM-festivalen i Høyanger
10. april 2018I helga er det endeleg tid for årets UKM-festival for Sogn og Fjordane.
Ung hordalending vann publikumspris på filmfestival
06. april 2018Anders Honningdal vart den store vinnaren i kortfilmkonkurransen på Sogndal filmfestival 2018. Arrangementet vart avvikla med gallakveld i Sogndal kulturhus torsdag kveld.
Ung kultur møtest i Høyanger
27. mars 2018UKM-festival Sogn og Fjordane vert arrangert i Høyanger 13.–15. april. 230 ungdommar frå heile fylket skal vise kva dei kan, knyte kontaktar og få inspirasjon gjennom ei heil helg.
Snart klart for Sogndal filmfestival
26. mars 2018Medielinja på Sogndal vgs skipar til filmfestivalen for trettande gong 5.–6. april.
Henrik Syse og Olaug Nilsen til Møteplass kultur, musikk og fritid
23. mars 2018Fredag 25. mai er det tid for å stoppe opp, ta turen til Scandic Sunnfjord Hotel og få med seg konferansen Møteplass kultur, musikk og fritid.
Sju millionar kroner til freda bygningar i fylket
22. mars 2018Hovudutval for næring og kultur har fordelt over sju millionar kroner til ulike prosjekt for å setje i stand freda og fredingsverdige bygningar i Sogn og Fjordane. Sjå kva bygningar som får tilskot.
Glimt frå Kulturkonferansen 2018
15. mars 2018Tema for Kulturkonferansen 2018 var Kulturelle ressursar i kommunane. Begge dagane var fylt av gode historiar, og døme frå kommunane. Det var også gode diskusjonar og refleksjonar om kva gode kulturelle ressursar er eller kan vera, frivilligheit og kulturell og kreativ næring. Her er smakebitar frå konferansen, både i form av presentasjonar frå innlegga og bilete.
Fredingsmarkering i Gaular avlyst
27. februar 2018
Fredinga av Storehuset på Flatheim i Gaular skulle markerast laurdag 3. mars, men er no avlyst på grunn av sjukdom. Det blir markering seinare i år.
Meld deg på kulturkonferansen 2018
26. februar 2018Kulturkonferansen 2018 vert arrangert 7. og 8. mars på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde. Tema i år er kulturelle ressursar i kommunane, frivilligheit og kulturell og kreativ næring.
Søk kulturmidlar, folkehelsemidlar og tilskot til kulturbygg
13. februar 2018Tida er inne for å søkje dei fylkeskommunale kulturmidlane, kunstnarstipend og folkehelsemidlane. Vi lyser samstundes ut midlane i den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg.
Fylkeskommunen søkjer ny UKM-arrangør
09. februar 2018UKM-festivalen Sogn og Fjordane er det største årlege UKM-arrangementet i fylket. No er vi på jakt etter ny arrangør for 2019-festivalen.
Barn i Sogn og Fjordane låner mest bøker
29. januar 2018Innbyggarane i Sogn og Fjordane er dei flittigaste lånarane av barnebøker i landet. Det syner tal frå Statistisk sentralbyrå.
Rekordhøg søknadssum om spelemidlar – igjen
25. januar 2018Kommunar, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane har dei siste åra for alvor fått opp augo for spelemiddelordninga. I år søkjer vi om 242 millionar kroner, dobbelt så mykje som for fire år sidan.
30 år med kulturfestival for utviklingshemma
24. januar 2018Kulturfestivalen i Sogn og Fjordane har i 30 år vore ein unik og inkluderande kulturfestival for alle som likar musikk og moro. I mai inviterer vi til ny festival – og jubileum.
Sjumilsstegkonferansen 2018 – Klart vi kan
22. januar 2018Sjumilsstegsarbeidet skal legge til rette for at barn og unge blir tekne vare på frå helsestasjon til fullført utdanning. Den årlege sjumilsstegskonferansen vert i år arrangert 14. og 15. mars i på Hotel Alexandra i Loen.
Kjend YouTubar til Sogndal Filmfestival
16. januar 2018Tredjeklassingane ved medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule inviterer til filmfestival igjen i april og lokkar med YouTubar og komikar Maria Stavang som føredragshaldar.
Konferansar om Den kulturelle spaserstokken
20. desember 2017På nyåret inviterer Sogn og Fjordane fylkeskommune til gratis konferansar om Den kulturelle spaserstokken i både Sogndal og Førde. Her vert det lagt opp til både inspirasjon og dialog om vegen vidare for spaserstokken her i fylket.
UKM 2018 er i gang
14. desember 2017Er du mellom 13 og 20 år og ønskjer å delta i UKM? No kan du melde deg på UKM 2018!
Innspelsmøte til ny kulturmelding
11. desember 2017Ønskjer du å kome med innspel til den nye kulturmeldinga, som Kulturdepartementet har starta arbeidet med? 17. januar 2018 arrangerer fylkeskommunen og departementet eit regionalt innspelsmøte i Førde.
No er den første dagsturhytta opna
08. desember 2017Den første dagsturhytta i fylket vart opna med hytteboogie, då Good Time Charlie spelte opp til opningskonsert i Trivselsskogen på Sandane.
«Mor Aurlandsdalen» heidra med fylkeskulturprisen
05. desember 2017Kristin Sønnerheim har lagt ned mykje arbeid for å gjere Aurlandsdalen tilgjengeleg for ålmenta. I ein alder av 85 år får ho fylkeskulturprisen som takk for innsatsen.
Samarbeider om musikkterapi
28. november 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune blir medlem i POLYFON – kunnskapsklynge for musikkterapi. Målet er å gjere Vestlandet til ein nasjonal og internasjonal føregangsregion innan temaet.
Sogndal Filmfestival 2018
24. november 2017Den 5. og 6. april arrangerer medie- og kommunikasjon på Sogndal vidaregåande skule kortfilmfestivalen Sogndal Filmfestival for 13. gong på rad.
Fylkeskulturprisen 2017 til Kristin Sønnerheim
21. november 2017Kristin Sønnerheim går under kallenamnet Mor Aurlandsdalen. I over 50 år har ho stelt og rydda stien gjennom dalen med handemakt. No får ho fylkeskulturprisen for innsatsen sin.
Vil ha fleire med på UKM
20. november 2017Jenny Hatlelid Holsæter leiar Ungdommens ressursgruppe (URG), som jobbar med å få fleire ungdomar i Sogn og Fjordane med på UKM – Ung kultur møtest.
Deler ut resten av årets spelemidlar
20. november 2017Hovudutval for næring og kultur fordeler 21. november 1,75 millionar kroner i spelemidlar til idrettsanlegg rundt om i fylket.
Presentasjonar frå samling om UKM og ungdomsråd
17. november 2017Fylkeskommunen arrangerte 26. og 27. oktober ei samling for dei i kommunane som jobbar med UKM og ungdomsråd. Tema var mellom anna ungdomsdemokrati og ungdomsmedverknad. Her finn du presentasjonane frå samlinga.
Justerer prioriteringa av spelemidlar
16. november 2017Fylkeskommunen går i desse dagar gjennom kva idrettsanlegg i fylket som skal prioriterast for spelemidlar fram til 2023.
Tilskot til kulturminne i Nærøyfjorden
15. november 2017Eigarar av kulturminne i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden kan no søkje om tilskot til istandsetjing av kulturminna sine.
Kven får fylkeskulturprisen?
14. november 2017Hovudutval for næring og kultur avgjer 21. november kven som får fylkeskulturprisen for 2017. Innstillingsnemnda har no innstilt tre kandidatar.
Dagsturhyttene tek form
08. november 201726 like dagsturhytter skal på plass i Sogn og Fjordane i løpet av dette året og neste. Fem vert monterte i haust, og 8. desember opnar den første – i Trivselsskogen på Sandane.
15 kandidatar til kulturprisen
08. november 2017Det var kome inn 15 forslag til årets fylkeskulturpris, då fristen for å føreslå kandidatar gjekk ut 1. november.
Samla på Gulatinget på ny
01. november 2017«Hordaland og Sogn og Fjordane blir eitt. Eit kvarttusen år sidan sist. I soga er hundreåra små.» Slik helsa Fridtjov Urdal dei 88 fylkestingsrepresentantane frå dei to fylka, då dei markerte samanslåinga på tingstaden Gulatinget.
«Den norske islamisten» på skuleturné
26. oktober 2017Den kulturelle skulesekken (DKS) skal vise dokumentaren «Den norske islamisten» for førsteklassingane på dei vidaregåande skulane i fylket. Turneen startar i slutten av oktober.
Fire kunstnarar har fått kunstnarstipend
19. oktober 2017Fire kunstnarar frå fylket har fått stipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2017. Stipenda er fordelt på tre arbeidsstipend og eit stipend til unge kunstnarar i etableringsfasen.
Konferanse om Den kulturelle spaserstokken
19. oktober 2017Det vert gode døme frå fleire kommunar på konferansen om Den kulturelle spaserstokken i Måløy 2. november. I tillegg vert det debatt for å drøfte kva vi vil med ordninga.
Presenterte fylkessoga for fylkestinget
17. oktober 2017Redaktør Ola Svein Stugu og alle forfattarane av «Soga om Sogn og Fjordane» heldt historietime for fylkestinget då dei presenterte fylkessoga og overrekte ho til fylkestinget.
Lanserer soga om Sogn og Fjordane
11. oktober 2017Nesten sju år har gått sidan fylkestinget slo fast at det skulle skrivast ei fylkessoge. No er verket i fire band klar for lansering rundt om i fylket.
Biblioteka finn nye vegar til lesaren
09. oktober 2017Sogn og Fjordane fylkesbibliotek presenterer og delar erfaringar frå prosjektet «Lesarhistoria – ny veg til lesaren» i Oslo 9. november.
Ny styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane
06. oktober 2017Laura Kvamme er valt som ny styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane. Torbjørn Vereide er samstundes valt inn som nytt styremedlem.
Kven fortener årets fylkeskulturpris?
05. oktober 2017Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin, som du rett og slett meiner burde få fylkeskulturprisen 2017?
Ny fredingssak i Fjærland
05. oktober 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune har starta fredingssak for Hotell Mundal i Fjærland.
Høyring – Planprogram for Regional plan for kultur
03. oktober 2017Planprogram for regional plan for kultur er lagt ut på høyring. Fristen for å kome med innspel og merknader er 1. desember 2017.
Feira gamal og ny veg over Filefjellet
29. september 2017Det var vegfest i Lærdal og Vang 29. september. Då var det avduking av plakett for og feiring av europeisk pris til Kongevegen og ikkje minst opning av ny delstrekning på E16 over Filefjellet.
Fotokonkurranse: Ta bilete av #skulenmin
29. september 2017Kva er skule for deg? Fylkeskommunen og fylkesarkivet inviterer til fotokonkurranse med månadlege premiar og ein hovudpremie på 3000 kr.
Skal utvikle K1 i Høyanger
21. september 2017Hovudutval for næring og kultur skal i møtet 26. september peike ut fylkeskommunen sin representant i styringsgruppa for prosjektet «K1 Høyanger – ein spektakulær attraksjon i hjartet av Norge».
Signerte to nasjonale kulturavtaler
19. september 2017Konferansen «Felles barn, felles ansvar» i Førde sist veke vart åstad for signeringa av viktige avtalar om kultur for barn og unge.
130 til konferanse om barn, unge og kultur
13. september 2017Felles barn, felles ansvar heiter konferansen som går av stabelen i Førde 14. og 15. september. Her skal tilsette i kommunane dele erfaringar om og få inspirasjon til arbeid med kultur for, av og med barn og unge.
Kulturhus på kartet
13. september 2017No kan du finne organisasjonseigde hus i Sogn og Fjordane på Fylkesatlas. Kartbasen vert open og tilgjengeleg for alle.
Idrettsparken – framtidas samlingsstad?
13. september 2017Årets idrettsanleggskonferanse vert på Skei 18. oktober. Tema er utvikling og drift av idrettsanlegg – og ikkje minst korleis vi kan tenkjer nytt om dette i framtida.
Markerte fredinga av Heimdalstrand
11. september 2017Om lag 100 personar fann vegen til kunstnarbustaden Heimdalstrand søndag 10. september for å delta på fredingsmarkeringa. Dei fekk sjå det restaurerte huset og høyre historia knytt til det.
Fagsamling om fysisk aktivitet og kulturbygg
05. september 2017Alle kommunane i fylket var inviterte på fagsamling om fysisk aktivitet og kulturbygg tysdag 29. august. Tema var hovudsakleg spelemidlar, dagsturhytte-prosjektet, samt synfaringar hjå nybygde idrettsanlegg.
Fredingsmarkering på Heimdalstrand
05. september 2017Det vert markering av fredinga av eigedomen Heimdalstrand i Balestrand søndag 10. september. Arrangementet er ope for dei som har lyst å delta.
Kulturminneplansamling 6. og 7. september
25. august 2017Fylkeskommunen invitere alle kommunane som har delteke i prosjektet «Lokale kulturminneplanar» til samling i Førde onsdag 6. og torsdag 7. september.
Ny rettleiar for privat bruk av metallsøkar
17. august 2017Metallsøking fører til funn av mange arkeologiske gjenstandar som er viktige for forsking, formidling og forvaltning. No er det kome ein nasjonal rettleiar for privat bruk av metallsøkar.
Nytt program i Den kulturelle skulesekken
17. august 2017Den kulturelle skulesekken er i år pakka med eit stort utval engasjerande og varierte opplevingar. Det blir mellom anna kubanske rytmar, samisk verdsmusikk, nynorsk thrillerteater, tidsreiser og museumsbesøk.
Fagdag om musikk i eldreomsorga
16. august 2017Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga inviterer til fagdag på Skei i Jølster 27. september. Musikk er hovudtema, og deltakarane kan velje mellom to ulike seminar.
Ny festivalstrategi
07. juli 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune har for første gong laga ein eigen festivalstrategi, som prioriterer seks festivalar i fylket.
Fylkesarkivet med verda som arena
07. juli 2017Den digitale teknologiutviklinga og bruk av sosiale medieplattformar gjer at fylkesarkivet sitt kjeldemateriale når ut til brukarar rundt om i heile verda. Fylkesarkivet vel å legge ut mykje materiale fritt tilgjengeleg på nett, og legg på den måten til rette for bruk og deling langt ut over fylkesgrensene.
Korleis står det til med kulturen i Sogn og Fjordane?
05. juli 2017Sogn og Fjordane er det ellevte beste kulturfylket i landet, ifølgje Norsk kulturindeks 2016. Blant kommunane i fylket kjem Gloppen best ut. Kva kjenneteiknar eigentleg gode kulturkommunar?
Via Ferrata kan få spelemidlar
30. juni 2017Klatreanlegg som ønskjer å etablere Via Ferrata kan no søkje tilskot frå spelemiddelordninga. Det er klart etter at Kulturdepartementet har oppdatert føresegnene for ordninga.
Verdsarvforum 2017
16. juni 2017Norges verdensarv arrangerte årets verdsarvforum i Hammerfest 12.–14. juni. Der deltok representantar frå begge verdsarvområda i Sogn og Fjordane.
Klare for UKM-festivalen 2017
13. juni 201720 ungdomar frå Sogn og Fjordane reiser onsdag 21. juni til UKM-festivalen i Sandnes.
Gaular får mest spelemidlar per innbyggjar
01. juni 2017Spelemidlane til Sogn og Fjordane er fordelte, og Gaular toppar lista over flest kroner per innbyggjar. I den andre enden av skalaen finn vi Selje, som ikkje søkte om tilskot i år.
Kan vi måle kultur?
01. juni 2017Fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, diskuterer måling av kultur og kulturinnsats på kulturbloggen denne veka.
Mytar og fakta om kulturminne
29. mai 2017Kronikk av fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.
Musikk-kafé i Florø
29. mai 2017To masterstudentar frå Universitetet i Bergen har i fire veker vore i praksis hjå nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei har mellom anna vore med å arrangere musikk-kafé i Florø, i samarbeid med den kommunale tiltakstenesta innan rus og psykiatri.
100 millionar til nytenking innan fysisk aktivitet
19. mai 2017Kva med eit anlegg som er tilrettelagt for boksing, buldring og bordtennis – samstundes?
Prisdryss over Kongevegen
16. mai 2017Kongevegen over Filefjell fekk Grand Prix-prisen frå fagjuryen og andreplass i publikumsprisen under European Heritage Awards Ceremony i Finland 15. mai.
Skal vidareutvikle verdsarvområdet på Ornes
08. mai 2017Verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje og tilhøyrande område arbeider blant anna med å etablere eit verdsarvsenter på Ornes.
Søkjer byggmeister til dagsturhyttene
03. mai 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune har lyst ut anbod om bygging, frakt og montering av dagsturhytter i alle kommunane i fylket.
Får historisk mykje i spelemidlar
28. april 2017Regjeringa har løyvd 53 266 000 kroner av spelemidlane til Sogn og Fjordane. Det er meir enn ei dobling frå 2012.
Har fått midlar til nynorske turbibliotek
28. april 2017Fylkesbiblioteket har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet Nynorske turbibliotek i Sogn og Fjordane. Biblioteka skal inn i dagsturhyttene som skal byggast i alle kommunane våre.
Vellukka konferanse om musikk og psykisk helse
27. april 201724. april arrangerte Høgskulen på Vestlandet og Sogn og Fjordane fylkeskommune konferanse om musikkterapi, rus og psykisk helse. Konferansen hadde 136 deltakarar. Her er ei oversikt over presentasjonane og ei oppsummering frå dagen.
Kulturlandskapsprisen til Leif Magne Sylvarnes
26. april 2017Sylvarnes får prisen for arbeidet sitt med landbruk og skjøtsel på den veglause garden Sylvarnes i Vik kommune.
Konferanse om musikk og psykisk helse
05. april 2017Høgskulen på Vestlandet og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til konferanse om musikkterapi, rus og psykisk helse måndag 24. april i Førde. På programmet finn du sentrale forelesarar innan fagfeltet.
Europeisk kulturminnepris til Kongevegen
05. april 2017Kongevegen over Filefjell har fått EUs kulturminnepris/Europa Nostra-pris i kategorien Bevaring.
Fylte Høyanger med ung kunst og kultur
03. april 2017UKM-festivalen Sogn og Fjordane 2017 er over. 300 ungdommar frå heile fylket har fylt Høyanger med liv og røre frå start til slutt.
Turboprisen 2017 til Sogndal, Leikanger og Luster
03. april 2017UKM Norge deler i år ut Turboprisen til Sogndal, Leikanger og Luster for det gode arbeidet dei gjorde då dei arrangerte felles UKM-mønstring i februar.
Klart for UKM-festivalen i Høyanger
29. mars 2017Gruppa A thousand pandas frå Bremanger, dansaren Jeanne Nsabimbona frå Vik og konferansier Solveig Djupegot frå Gloppen i Høyanger er blant dei du møter i Høyanger i helga. Då er det nemleg tid for årets UKM-festival for Sogn og Fjordane.
Kartlegg tilgjenge i fire skianlegg
24. mars 2017Fylkeskommunen skal no undersøkje kor tilgjengelege skianlegga i Luster, Sogndal, på Eid og Jølster er for personar med funksjonsnedsetting.
Glimt frå Kulturkonferansen 2017
24. mars 2017To dagar, 20 innleiarar og over 90 deltakarar. Kulturkonferansen 2017 har gitt mange gode diskusjonar og refleksjonar rundt kultur og kulturpolitikk i reformtider. Her er nokre smakebitar frå konferansen.
Søk kunstnaropphald i Berlin
21. mars 2017Lærdal næringsutvikling i samarbeid med Hardanger kunstlag ønsker å sende kunstarar i Sogn og Fjordane på kunstnaropphald i Berlin. Søknadsfrist for opphald i perioden juli - august - september er 10. april.
Rekordstor søknadssum
17. mars 2017Fylkeskommunen har godkjent spelemiddelsøknadar om til saman 211 millionar. Søknadssummen har aldri vore høgare, og i 2014 var summen på 124 millionar.
Ny plan for kulturarv i Eid
16. mars 2017Eid kommune har denne veka kunngjort den ferske kulturminneplanen sin. Planen inneheld mellom anna ein handlingsdel med tiltak for å kartlegge, synleggjere og sikre kulturminna i kommunen.
Ung kultur møtest i Høyanger
15. mars 2017UKM-festival Sogn og Fjordane vert arrangert i Høyanger 31. mars–2. april.
Løyvde pengar til og besøkte Heimdalstrand
09. mars 2017Hovudutval for næring og kultur løyvde 7. mars 420 000 kr til eigedomen Heimdalstrand i Balestrand og hadde også ei synfaring på den freda eigedomen.
SAMAN: konferanse om brukar - og pårørandemedverknad i eldreomsorga
06. mars 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune, Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet inviterer til konferanse om brukar- og pårørandemedverknad i eldreomsorga torsdag 06. april på Thon Hotel Jølster på Skei.
Lokale kulturminneplanar gav statlege kroner
02. mars 2017Gro-bygget i Hornindal, Selje kloster og Kystpilegrimsleia har fått til saman 750 000 kr i statlege verdiskapingsmidlar frå Riksantikvaren.
Fordeler 6,2 millionar kroner til freda bygg
28. februar 2017Fylkesdirektøren føreslår å løyve over 1,1 million kroner til Ormelid i Luster når hovudutvalet for næring og kultur skal fordele 6,2 millionar kroner til freda bygningar 7. mars.
Finn fram i jungelen av tilskot
27. februar 2017Er du engasjert i frivillig sektor? Bli med på gratis samling 1. april for å lære meir om kvar du kan sikre deg pengar, og korleis du søkjer.
Kva med kulturpolitikken i reformtider?
27. februar 2017Kommunar kan bli større, og dagens fylke kan bli til større regionar. Men kva skjer med kulturpolitikken og den lokale kulturutviklinga oppi det heile?
Samling om tilskotsordningar for frivillig sektor
22. februar 2017Fylkeskommunen inviterer saman med Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftelsen frivillig sektor i Sogn og Fjordane til samling om tilskotsordningar. Samlinga vert laurdag 1. april på Thon Hotel Jølster, Skei.
Samlar kunst og kultur i Kulturtanken
19. februar 2017Kulturtanken er den nye statlege etaten for kunst og kultur til barn og unge i skulealder. Tanken rommar Den kulturelle skulesekken og alt som tidlegare låg under Rikskonsertane.
Statleg sikring av friluftsområde: regionsamling
20. februar 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til samling tysdag 28. februar på Gloppen Hotell.
To millionar til lokale kulturbygg
19. februar 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune, Huset i Bygda og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane samarbeider om utvikling av kulturbygg og lyser no ut til saman to millionar kroner.
Meld deg på kulturkonferansen 2017
17. februar 2017Velkomen til Kulturkonferansen 2017. Den går av stabelen 23. og 24. mars på Scandic Sunnfjord Hotell. Tema i år er «Kulturpolitikk i reformtider».
Kulturminne på dagsorden
17. februar 2017Denne veka vart Stryn sin kulturminneplan lagt ut på høyring. Fleire kommunar i fylket jobbar med å utarbeide kulturminneplanar. Målet med dette er å styrke kompetansen om kulturminne i kommunane og få betre oversikt over verneverdige kulturminne.
Tilskot til kulturarbeid og lokale kulturbygg
16. februar 2017Fylkeskommunen lyser no ut kulturmidlar, kunstnarstipend og tilskot til kulturbygg for 2017.
Same kvar vi kjem frå i verda, syng vi for borna våre
13. februar 201710. juli 2016 var konserten "Sulla meg litt du mamma mi - grenselause voggesongar" på programmet til Førdefestivalen. Konserten var laga av og framført med innvandrarkvinner busett i Sogn og Fjordane.
Thea spelar for over 4000 elevar
31. januar 2017Thea Hjelmeland spelar i desse dagar for over 4000 elevar ved dei vidaregåande skulane i fylket. Den kritikarroste artisten frå Førde er på turné med Den kulturelle skulesekken (DKS).
Sjumilsstegkonferansen "God nok" 2017
30. januar 201715. – 16. mars inviterer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV, Høgskulen på Vestlandet til Sjumilsstegkonferansen 2017.
Rekordhøg søknadssum om spelemidlar
26. januar 2017Sogn og Fjordane søkjer i år om 218 millionar kroner i spelemidlar, 1981 kroner per innbyggjar. Det er meir enn nokon gong, og berre Nord-Trøndelag søkjer om meir per innbyggjar.
Kurs i digital formidling
25. januar 2017Onsdag 18. januar heldt skuleprosjektet «Skulen min» kurs i digital formidling i Hyllestad kommune.
Her er URG Sogn og Fjordane
23. januar 2017Ungdommens ressursgruppe (URG) i Sogn og Fjordane er fem ungdomar som skal vere med å utvikle UKM – Ung kultur møtest.
Spennande arkeologiske funn
20. januar 2017Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennomførte arkeologiske registreringar i Øvstedalen i Sogndal hausten 2016. Det resulterte i fleire nye, arkeologiske funn.
Heimdalstrand er freda
11. januar 2017Riksantikvaren har vedtatt å frede eigedomen og kunstnarbustaden Heimdalstrand i Balestrand kommune.
Bli med på UKM 2017
10. januar 2017Det vert lokalmønstringar for UKM (Ung kultur møtest) i dei fleste kommunane i fylket frå slutten av januar til midten av mars.
Gir seg etter 28 år som fylkesmusikar
21. desember 2016Oddbjørn Ramstad har spreidd musikkglede med både trekkspel og toradar i sine 28 år som fylkesmusikar.
TV Bra etablerer seg i Sogn og Fjordane
20. desember 2016– Dette er den beste julegåva vi kunne ha fått, seier musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal om at TV Bra – ein nett-tv-kanal av og med utviklingshemma – no etablerer seg på heile Vestlandet.
Slik blir "Sogn og Fjordane-hytta"
19. desember 2016Rojo arkitekter i Trondheim skal teikne dagsturhytta som skal byggast på turmål i alle kommunane i Sogn og Fjordane. Stiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane har løyvd 5,2 millionar kroner til prosjektet.
Jul i skulehuset
15. desember 2016Onsdag 07.12.07 arrangerte prosjektet "Lev vel", Flora historielag og Sogn og Fjordane fylkeskommune den tredje forteljarkafeen på Kystmuseet i Florø.
Kulturminneplansamling
15. desember 2016Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer kommunar som jobbar med lokale kulturminneplanar til samling i Førde tysdag 24. og onsdag 25. januar.
Ny nettstad og litterær kanon
09. desember 2016Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane lanserer i dag nettstaden forfattarar.sfj.no, og Ove Eide presenterer framlegget sitt til litterær kanon for fylket.
Ny styreleiar for Førdefestivalen
09. desember 2016Tone Winje er oppnemnt som ny styreleiar for Førdefestivalen for perioden 2017–2018.
Kulturfestivalen 2017
08. desember 201624.–26. mars 2017 er det klart for den 29. kulturfestivalen for utviklingshemma i Sogn og Fjordane.
Tok imot fylkeskulturprisen
06. desember 2016Ove Henning Solheim fekk i dag det handfaste beviset på at han sjølv og Dans Uten Grenser er årets vinnarar av fylkeskulturprisen.
21 vil teikne dagsturhytte
24. november 2016Fylkeskommune mottok 21 forslag i arkitektkonkurransen for å teikne dagsturhytta for Sogn og Fjordane innan fristen.
Fylkeskulturpris til dans
22. november 2016Prisvinnar Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser har 10 års jubileum i Sogn og Fjordane i 2016, og set ungdom i sentrum. Fylkeskulturprisen 2016 blir delt ut under fylkestinget 6. desember.
Restmidlar til seks anlegg
22. november 2016Etter tildeling av 47 millionar kroner i spelemidlar tidlegare i år står det pengar att. Difor får no seks nye anlegg støtte på til saman 1,245 millionar.
Kurs i søknadsskriving
15. november 2016Skal du søkje om tilskot til kulturminne i verdsarvområdet i Nærøyfjorden? Fylkeskommunen og Nærøyfjorden Verdsarvpark hjelper deg med søknaden 24. november.
Kven får fylkeskulturprisen?
15. november 2016Hovudutval for næring og kultur avgjer 22. november kven som får fylkeskulturprisen for 2016.
Nettverkssamling 2016
14. november 201619. og 20. november er det nettverkssamling for ungdomsråd på Skei i Jølster.
Fridtjov Urdal fortel frå si eiga skuletid
11. november 2016Prosjektet "Lev vel", Flora historielag og Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerte Forteljarkafe på Kystmuseet 6. oktober. Fridtjov Urdal haldt eit innlegg om si eiga skuletid som prosjektet "Skulen min" har fått lov til å transkribere og publisere her. God lesing!
Då klokka klang
07. november 2016Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane markerer den nasjonale Arkivdagen med temaet «Då klokka klang».
Best i landet på DKS
07. november 2016Sogn og Fjordane fylke har fått førsteplass på Norsk kulturindeks 2016 når det gjeld tilbod i Den kulturelle skulesekken (DKS). Vi deler førsteplassen med Telemark fylke.
15 kandidatar til kulturprisen
04. november 2016Fristen for å nominere kandidatar til fylkeskulturprisen 2016 gjekk ut 1. november. Det har kome inn 15 forslag til prisen.
Innspel til anleggsutvikling
01. november 2016Hovudutval for næring og kultur har gitt innspel til utviklinga av den statlege politikken om etablering av idrettsanlegg.
Vil frede Heimdalstrand
28. oktober 2016Hovudutval for næring og kultur vil frede eigedomen Heimdalstrand i Balestrand. Riksantikvaren tek den endelege avgjersla.
Alle vil ha dagsturhytte
21. oktober 2016Alle kommunane fylket har sagt ja til å byggje ei dagsturhytte, tre kommunar vil til og med ha to. Over 70 arkitektkontor har meldt si interesse for å vere med å teikne hytta.
”Du må starte frå grunnen av…”
20. oktober 2016Sissel Ørstavik Aase har skrive ei masteroppgåve i folkehelsevitskap, der temaet er knytt til Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt arbeid med kultur og helse.
Tilskot til ballbingar
19. oktober 2016Det er mogleg å få dekka ein stor del av kostnaden ved rehabilitering av ballbinge gjennom spelemiddelordningar. Vi er no i siste året der ein og kan få 10 000 kr i støtte frå Sparebankstiftinga til utskifting av kunstgras i bingen.
Konferanse om kulturbygg
13. oktober 2016Huset i bygda inviterer til konferanse for alle som er engasjerte i eit av dei 400 lokale kulturbygga i fylket. Konferansen skal gje inspirasjon til utvikling av aktiviteten i bygga, korleis ein kan skape gode møteplassar lokalt, og tips til søknadsskriving.
Turhytter for dei fleste
12. oktober 2016Nye dagsturhytter skal få folk i fylket ut på tur – og ned i stolen med nynorsk litteratur. Målet er minst ei dagsturhytte i kvar kommune i fylket.
Forteljarkafe på Kystmuseet
07. oktober 2016Den første Forteljarkafeen gjekk av stabelen onsdag 6. oktober på Kystmuseet i Florø.
Hovudutvalsmøte i Kaupanger
07. oktober 2016Utvalet var på bedriftsbesøk og fekk eit innblikk i breidda i nærings- og kultursatsingar i Kaupanger.
Utviklingsavtale om kulturbygg
23. september 2016Sogn og Fjordane fylkeskommune har inngått utviklingsavtale med Sogn og Fjordane ungdomslag. Målet er å finne samarbeidsformer som gjer at kompetansen i begge organisasjonane vert nytta og utvikla til beste for begge partar og for samfunnet.
Fylkeskulturprisen 2016
03. oktober 2016Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin? No kan du føreslå kandidatar til fylkeskulturprisen 2016.
Nordisk verdsarvkonferanse
29. september 2016Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes deltok på den nordiske verdsarvkonferansen i Reykjavik 21.–23. september. Hovudtema var turisme i verdsarvstadane og samarbeid mellom dei.
Ny styreleiar for SoFT
28. september 2016Rasmus Mo frå Sogndal er innstilt som ny styreleiar for Sogn og Fjordane teater.
Song for inkludering
20. september 2016I kva grad kan song vere ein integreringsarena? Bli inspirert og skaff deg ny kompetanse på konferansen «Sang for inkludering og integrering» i oktober.
Samling for Kulturnettverk Sogn i Høyanger
14. september 2016Førre veke var fylkeskommunen med på samlinga til Kulturnettverk Sogn i Høyanger. Status, oppfølging og vidare arbeid med Lokale kulturminneplanar var hovudtema for møtet.
Skulehus og kulturbygg
14. september 2016I mange kommunar er tidlegare skulehus no vorte kulturbygg. Fylkeskommunen deltek på «Huset i Bygda» sine regionsamlingar i Selje og Vågsøy i september. Der skal vi snakke om arbeidet med prosjektet «Skulen min». Kartlegginga av skulehus og historieformidling er sentrale tema.
Kulturminnesatsing i kommunane
13. september 2016Fylkeskommunen vidarefører satsinga på lokale kulturminneplanar. Ny prosjektleiar er tilsett i eitt år frå 15. august 2016. I denne perioden skal kommunane få hjelp til å kome i mål med sine kulturminneplanar.
Biblioteka: Barn les meir
29. august 2016Det blir lånt ut fleire barnebøker i fylket, e-boklånet veks, og talet på arrangement i biblioteka aukar stadig. Dette syner folkebibliotekstatistikken 2015 for Sogn og Fjordane, gjennomgått av fylkesbiblioteket.
Nyopning av Kongevegen
27. august 2016Denne helga markerer vi nyopninga av den gamle ferdselsvegen mellom Sogn og Valdres, Kongevegen over Filefjell. Fylkeskommunen har hatt koordineringsansvar for verdiskapingsdelen av prosjektet som har restaurert Kongevegen. Fylkesordførar Jenny Følling skriv om dette på Kulturbloggen.
Presentasjonar frå kurs i spelemidlar og infrastrukturmidlar
26. august 2016Her finn du presentasjonar og nyttig informasjon frå kursa i spelemidlar og midlar til infrastruktur til reiselivet som nærings- og kulturavdelinga har arrangert i august.
Kvinneforbilde
18. august 2016I litt over hundre år har kvinner hatt full stemmerett. Både før og etter 1913 har kvinnekamp vorte kjempa på mange ulike arenaer. Kvinnene i Sogn og Fjordane har tradisjonelt ikkje gitt så høg lyd frå seg. Men også vi har «pionerkvinner» som har sett sine spor, bana vegen for dei verdiane og den plassen kvinner i dag har, i sine lokalsamfunn og i det store samfunnsbiletet. Kvinneforbilder. Vi presenterer nokre av desse på Instagram og Facebook. Du kan nominere dine eigne kvinnelege forbilde! Merk ditt bilete #kvinneforbilde
Les meir på kvinnestemmer.net.
Talenta kjem heimatt med skulesekken
12. august 2016Vi kan by på dans, eksotisk musikk, scenekunst, visuell kunst og litteratur når vi no opnar årets kulturelle skulesekk for elevane i fylket.
Musikk i eldreomsorga
09. august 2016Fylkeskommunen, høgskulen og Utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste i Sogn og Fjordane inviterer til konferansen «Når orda sluttar», om musikk og musikkterapi i eldreomsorga. Målet er å motivere kommunane til å tenkje tverrfagleg i eldreomsorga, samt å heve musikkkompetansen blant helsepersonell.
Den tidlege skulehistoria i Solund
29. juli 2016Startskotet for folkeskulen gjekk ved innføringa av konfirmasjonen i 1736. Ingen kunne konfirmerast utan å ha fått undervisning i kristendom. Men det gjekk lang tid før kommunane kunne tilby god og stabil utdanning til alle born. I Solund fekk dei sitt første skulehus på Indrevær i 1844.
Kulturnett på Instagram
28. juli 2016Historiske bilete er ein fantastisk skatt frå fortida. Gjennom foto kan ein få eit innblikk i ei tid som for mange er ukjend og framand. Kulturnett SFJ ønskjer å dele historiske foto på nett, og har difor etablert ein Instagram-konto: kulturnettsfj
Sagaløypa – eit innblikk i fortida
19. juli 2016Vi har alle høyrt ei og anna historie om stadane som betyr noko for oss. Det som har skjedd før er med å forme staden slik som den er i dag. Kvar stad har sine særtrekk som gjer den litt annleis enn andre stadar. Sagaløypa som opnar 21. juli, tar deg med gjennom Nordfjordeid si kulturhistorie og gjev deg eit innblikk i fortida.
Nettverksarbeid i eldreomsorga
08. juli 2016Ein ny rapport om nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga viser at nettverksarbeidet har vore positivt og meinigsfullt for praksisfeltet.
Spelemidlar til kulturbygg
06. juli 2016Sogn og Fjordane fylkeskommune er uroa for den store og raske statlege nedbygginga av tilskotsordninga til kulturbygg. Det har vore ei halvering av spelemidlar til føremålet i løpet av dei siste to åra. Behova i kommunar og lokalsamfunn er store.
Musea i Sogn og Fjordane sommaren 2016
05. juli 2016Kvifor ikkje utforske aktivitetar og attraksjonar i nærmiljøet i sommar? Sommarferie i Sogn og Fjordane kan vere fantastisk. Eit tips er å ta turen innom eit av musea i fylket. Her er ei oversikt over aktivitetar på Musea i Sogn og Fjordane i sommar og utover hausten.
Kulturlandskap i jordbruket
01. juli 2016I Sogn og Fjordane er det mange flotte kulturlandskap, og fylket har to område med i ordninga «Utvalte kulturlandskap i jordbruket». I år pågår viktig arbeid med kulturlandskapa i fylket.
Søknadskurs
01. juli 2016Vi inviterer til gratis kurs for deg som skal søkje om spelemidlar til eit anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv eller til eit kulturbygg. Og for deg som skal søkje om infrastrukturmidlar til reiseliv.
2,2 millionar til kulturbygg
27. juni 2016
Fylkeskommunen har fordelt midlar frå desentralisert ordning for kulturbygg til fem kulturbygg i fylket: Askvoll samfunnshus, Loen bygdehus, grendahuset Mardal skule, Naustdal barne- og ungdomsskule - kulturhusfunksjonar og Realen.
425 000 til Skulen min
24. juni 2016Kartleggings- og formidlingsprosjektet Skulen min går inn i sitt andre år med ferske prosjektmidlar frå Riksarkivet.
Klare for UKM-festivalen
23. juni 2016Fredag 24. juni reiser 21 ungdommar frå Sogn og Fjordane til UKM-festivalen i Trondheim.
UKM-festivalen til Høyanger
20. juni 2016UKM-festivalen Sogn og Fjordane vert i 2017 arrangert 1. – 2. april i Høyanger.
Kjærkomne kulturbyggmidlar
09. juni 2016Våren 2016 opna det seg nye moglegheiter for lokale kulturbygg som ynskjer utvikling og modernisering. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Huset i bygda har starta eit samarbeid for utvikling av lokale kulturbygg. Sju bygg får snart friske midlar på bok.
Vi treng engasjert ungdom
03. juni 2016Gjennom engasjement over fleire år, både i ungdomens bystyre i Flora, men mest gjennom ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane, er det det tanken om at innsats i ungdomsmedverknad no gjev demokrati i framtida eg sit att med.
Auke i spelemidlar til fylket
01. juni 2016Hovudutval for næring og kultur har fordelt 47,5 millionar kroner frå spelemiddelordninga til 110 anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i fylket. Dette er ein auke på 9 millionar kroner i høve året før.
Skulehistorie i Flora
24. mai 2016Fylkeskommunen og Fylkesarkivet sitt prosjektet «Skulen min» var i førre veke to dagar i Flora kommune. Formålet med turen var å komme i kontakt med aktuelle samarbeidspartnarar og danne seg eit overblikk over den vidstrakte kommunen. Her kom vi i god dialog med skule, historielag og deleviljuge øybuarar.
Kunstnar- og etablerarstipend
20. mai 2016Tre kunstnarar frå fylket er tildelt stipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016. Stipenda er fordelt på to arbeidsstipend på 30 000 kr kvar og eit etablerarstipend på 50 000 kr.
Verdsarvstadar møtast
11. mai 2016Korleis kan verdsarvarbeidet skape lokalt engasjement? Verdsarvforum 2016 9.-11.mai er ein nyttig møteplass for verdsarvfylket Sogn og Fjordane.
Anleggskonferanse - skianlegg
03. mai 2016Sogn og Fjordane Skikrins og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til anleggskonferanse på Skei i Jølster torsdag 9. juni. Tema for konferansen er drift og utvikling av skianlegg som grunnleggande føresetnad for ynskje om skiaktivitet.
Saman for fysisk aktivitet
22. april 2016Fylkeskommunen jobbar i dialogmøte med kommunane i fylket for å få fleire i fysisk aktivitet. Konkrete tiltak står i sentrum.
Næring og kultur: Saman er vi sterke
22. april 2016Kulturformidling og næring heng godt saman, skriv Jan Heggheim, fylkesdirektør for den nye nærings- og kulturavdelinga.
Fem-dobling tal søknadar
13. april 2016Tal søknadar til anlegg for fysisk aktivitet med midlar frå spelemiddelordninga er fem-dobla frå år 2000 til 2016.
Nytt ungdomspolitisk utval
10. april 2016
Fylkesting for ungdom 2016 har valt nytt ungdomspolitisk utval for 2016/2017.
Midlar til kulturarbeid
08. april 2016Sogn og Fjordane fylkeskommune har no fordelt kulturmidlar for 2016. Assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad, fortel at det totalt er løyvd 4 885 000 kr til 62 tiltak.
Fylkesting for ungdom 2016
06. april 2016Helga 8. til 10. april er ungdommar frå heile fylket samla på Skei for å delta på fylkesting for ungdom. Fylkesting for ungdom er ungdommen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr. Ungdom frå alle ungdomsråda og kommunane i fylket, fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar og polistiske ungdomsparti er inviterte til tinget.
Vellykka UKM-festival
04. april 2016Under UKM-festivalen Sogn og Fjordane 2016 har 250 ungdommar frå heile fylket fylt Førdehuset med liv og røre frå start til slutt. Det har vore sceneframsyningar, utstilling, workshops, konsert på Skywalken i Førde sentrum og mykje leik og moro ut i dei små timar.
Syng for statsråd
01. april 2016Førde internasjonale kor reiser neste veke med 50 songarar til Oslo for å synge for blant andre Sylvi Listhaug på den nasjonale integreringskonferansen «Flykt ikke fra frivilligheten».
Bibliotek for inkludering
31. mars 2016Biblioteket er kanskje det kulturtilbodet som er mest nytta av innvandrarar. Kva er det som dreg innvandrarane til biblioteket, og korleis kan vi vidareutvikle tenestene til desse brukarane? Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen skriv på kulturbloggen denne veka.
UKM-ungdom møtest i Førdehuset
30. mars 20162. – 3. april møter du Electric Ladyland frå Vågsøy, Isak og Jonas Nordgulen frå Jølster, kunstverket Circle frå Solund, Ronja Bøe Øygard frå Sogndal og mykje mykje meir i Førdehuset. Då vert nemleg året UKM-festival for Sogn og Fjordane arrangert.
Kulturkonferansen 2016
29. mars 2016Fylkeskommunen inviterer til kulturkonferanse på Scandic Sunnfjord Hotel fredag 1. april og laurdag 2. april 2016. Det er framleis høve til å melde seg på!
5 mill. til freda kulturminne
17. mars 2016Freda bygningar og anlegg i fylket fekk fordelt fem mill. kr under møte i hovudutval for næring og kultur 15. mars. Størst tilskot gjekk til Sommarhuset på Heimdalstrand i Balestrand.
Kulturfylket Sogn og Fjordane
17. mars 2016Sogn og Fjordane har i dag eit godt kulturtilbod, men dette kjem ikkje av seg sjølv. Vi som er innbyggjarar i fylket treng å få oppleve kunst og kultur, men arrangørane treng også oss. Kva er det som avgjer kven som lukkast i å trekke publikum? Sissel Lillebø Aarseth jobbar med kulturutvikling i fylkeskommunen og skriv på kulturbloggen denne veka.
Ung kultur møtest i april
11. mars 20162. – 3. april vert den første UKM-festival i Sogn og Fjordane arrangert i Førdehuset, med Iselin Solheim i juryen. Festivalen samlar 300 ungdommar frå heile fylket.
Kultur kostar
09. mars 2016Å vere elev i kulturskulen kostar, fotballsko kostar, kontingentar kostar og treningskle kostar. Kulturliv og kulturaktivitetar kan gi meining, glede og tilhøyrsle i kvardagen. Men er kostnadane med på å ekskludere framfor å integrere? Anita Nordheim er kultursjef i Høyanger og skriv om utfordringar ein møter på i arbeidet for ein inkluderande kultursektorkultur.
"Fjols til fjells" og integrering
04. mars 2016Tidlegare på kulturbloggen skreiv fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad om korleis kunst og kultur kan spele ei viktig rolle i arbeidet med integrering. Denne veka får vi høyre om eit konkret tiltak i Florø, der lågterskeltilbod skapar band mellom menneske.
UKM-festival Sogn og Fjordane
29. februar 2016Den har nytt namn, men byr framleis på kreativ ungdom. 2.-3. april blir det ei heil helg med framsyningar, utstilling og workshops med ungdom frå heile fylket. Velkomen til UKM-festivalen!
Drøymer om bibliotekressursar
26. februar 2016Folkebiblioteka rundt om i kommunane er taparar i kampen om budsjettkronene. Biblioteka er ein viktig arena for formidling og debatt, og er ofte den einaste møteplassen som er gratis og open for alle. Gjestebloggaren på kulturbloggen denne veka, biblioteksjef Kristin Hatledal ved Stryn bibliotek, drøymer om meir ressursar til folkebiblioteka. For å forklare kvifor dette er så viktig viser Hatledal til forsking som seier at for kvar krone som blir tilført biblioteka får samfunnet fire tilbake.
Digital eldreomsorg
24. februar 2016Høgskulen i Sogn og Fjordane, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til konferansen «Digitale verkty i miljøbehandling» i Førde 12. april. Tema er miljøbehandling i eldreomsorga.
Friminutt som kulturarv
19. februar 2016Har du høyrt om elevar som sigla på isflak til skulen? Eller skaut med sprettert? I arkiva finn vi informasjon om fag, karakterar, elevtal og liknande. Men kva med friminutta, skulevegen og relasjonen til lærarar, korleis skal vi ta vare på desse minna for framtida? På Kulturbloggen denne veka skriv Sigrun Espe om prosjektet "Skulen min" og korleis vi skal ta vare på gamle skuleminne.
Integrering og møteplassar
12. februar 2016Fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, meiner at kunst og kultur kan spele ei viktig rolle i arbeidet med integrering i Sogn og Fjordane. Vi trenger fleire møteplassar mellom menneske og mellom kulturar. Vi trenger også ressurspersonar, og Erikstad håper at alle vil bidra til å utvikle fylket vårt til eit meir inkluderande samfunn.
Ditt lokale kulturbygg
05. februar 2016Kva minner har du frå ditt lokale kulturhus? Kan du hugse kaffilukta og dei gode kakene, spenninga frå basarane, juletreet som strekte seg heilt opp i taket eller kanskje ungdomsfestane? Det er ingen tvil om at desse samlingshusa er og har vore viktige for lokalsamfunnsutvikling i fylket vårt. Ingunn Nyheim frå Huset i Bygda" har skrive ein hyllest til husa og til eldsjelene som driv dei på Kulturbloggen.
Identitet i bevegelse
04. februar 2016Kan kunst og design bidra til større forståing av identitet, inkludering og integrering? Seminaret «Dele – tilpasse – tilhøyre» hadde som mål å samle erfaringar om migrasjon og arbeidsinnvandring frå kunstprosjektet Ideal Lab og samtidig sjå på utfordringar samfunnet vårt står overfor.
Vil utvikle UKM
02. februar 2016Hovudutval for næring og kultur har vedtatt strategi for arbeidet med UKM - Ung kultur møtast - i Sogn og Fjordane i perioden 2016 til 2019. UKM skal bli den viktigaste møteplassen for ung kultur i Sogn og Fjordane.
70 000 kr til UKM
28. januar 2016Fem prosjekt frå Sogn og Fjordane har fått til saman 70 000 kroner i stimuleringsmidlar frå UKM Norge i tildelinga i januar 2016.
Fylkesting for ungdom 2016, praktisk informasjon
27. januar 2016Fylkesting for ungdom 2016 vert arrangert 8. til 10. april, ved Thon Hotel Jølster.
Meir til lokale kulturbygg
22. januar 2016Frå 2016 får dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket fleire moglegheiter til å søkje midlar til ombygging, modernisering og utvikling. Huset i bygda, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune går no saman for å løfte og styrkje dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga i fylket.
Fråflyttarfylket?
20. januar 2016Det er mange ulike meiningar om Sogn og Fjordane, og eit viktig tema som ofte vert debattert er fråflytting. Korleis kan vi hindre fråflytting og få fleire heim- og tilflyttarar? På Kulturbloggen denne veka skriv Dag Henrik Nygård (21) frå Florø om kvifor han meiner Sogn og Fjordane er eit fylke for framtida.
Ny leiing i verdsarvråd
08. januar 2016Dei to ordførarane Hans Erik Ringkjøb og Jan Ove Tryggestad vart i desember valt til ny leiar og nestleiar av Verdsavrådet for Vestnorsk fjordlandskap 2016-2016. Sentralt for rådet er arbeidet med å iverate verdsarvstatusen tildelt Nærøyfjord- og Geirangerfjordområdet.
Seminar om migrasjon
21. desember 2015Korleis møter lokalsamfunnet og byen innvandrarane, korleis blir vi påverka av dette møtet – dei som bur her og dei som kjem? Og kva gjer vi for å gjere møtet betre? Velkomen til "Dele – tilpasse – tilhøyre: Eit seminar om migrasjon" fredag 15. januar klokka 10:00 – 15:00 i Florø.
Utvalsleiar takkar teatersjefen
17. desember 2015Terje Lyngstad sluttar ved Sogn og Fjordane teater etter 12 år som teatersjef. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 80% av aksjane i teateret, og leiar i hovudutval for næring og kultur Karen Marie Hjelmeseter takka Lyngstad for innsatsen desse åra.
Fylkeskommunale tilskot til kulturarbeid
17. desember 2015Fylkeskommunen lyser no ut tilskot til allment kulturarbeid og kunstnar- og etablerarstipend for 2016.
Ny scenekunst til skulane
16. desember 2015Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane teater samarbeider tett den kommande våren. Heile tre av teateret sine seks prosjekt det kommande året er slikt samarbeid, og skal spelast for og av elevar over heile fylket.
Kulturfestival for 28. gong
15. desember 201511. til 13. mars 2016 er det klart for den 28. festivalen for utviklingshemma i Sogn og Fjordane. Sjå program og meld deg på.
Konferanse for berekraftig fjord
11. desember 2015Nærøyfjorden Verdsarvpark arrangerte dialogkonferanse for å avdekke utfordringar og finne framtidsretta løysningar for ein berekraftig fjord.
– Skapar møteplassar
07. desember 2015Hilde Bjørkum fekk tysdag utdelt fylkeskulturprisen og mange gode ord for å ha bygd opp «den tydelegaste kulturelle merkevaren i Sogn og Fjordane».
Vil du vere arrangør for UKM?
03. desember 2015Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser etter arrangørar for UKM-festivalen Sogn og Fjordane (tidlegare fylkesmønstringa) frå 2017.
UKM 2016 er i gang
01. desember 2015Påmeldinga til UKM 2016 opna i dag, 1. desember. No kan alle mellom 10 og 20 år, som ønskjer å delta, melde seg på.
Kartlegg universell utforming
30. november 2015Anlegg for fysisk aktivitet bør vere tilgjengelege for alle. No har fylkeskommunen kartlagt tilgjenge til 24 badeplassar og 20 skianlegg i fylket.
Møteplasskonferansen 2015: ein viktig møteplass
26. november 2015Laurdag 24. oktober var 120 menneske frå heile fylket samla til dialog for betre inkludering. Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterte saman med Frivillighet Norge organisasjonane til Møteplasskonferansen 2015, og det var mykje engasjement hjå deltakarane.
Fylkeskulturprisen til Bjørkum
24. november 2015Hilde Bjørkum har sidan starten i 1990 bygd opp Førde internasjonale folkemusikkfestival til ein av dei sterkaste kulturmerkevarene fylket har i dag, heiter det i grunngjevinga. Fylkeskulturprisen 2015 blir delt ut under fylkestinget 8. desember
Kven får fylkeskulturprisen?
23. november 201524. november avgjer hovudutval for næring og kultur kven som får fylkeskulturprisen for 2015.
Meir til anlegg og aktivitet
19. november 2015Fylkesrådmannen føreslår å setje av 98 millionar kroner i spelemidlar til nye idrettsanlegg dei neste fire åra. Satsinga på fysisk aktivitet og friluftsliv skal halde fram.
Nettverkssamling for ungdomsråd 2015
17. november 201521. og 22. november 2015 er det nettverkssamling for ungdomsråd på Thon Hotel Jølster på Skei. Ungdomspolitisk utval (UPU) og Sogn og Fjordane fylkeskommune er vertskap for samlinga, som i hovudsak handlar om opplæring for dei som sit i ungdomsråda i kommunane i fylket.
Ungdom bloggar på nynorsk
04. november 2015Ti engasjerte ungdomar bloggar i haust for Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Skuleturné med dronefilm
21. oktober 2015Korleis er det å leve under dronane? Og korleis er det å drepe menneske på andre sida av jorda med ein joystick? Det får førsteklassingane på dei vidaregåande skulane i fylket no innblikk i.
Stor konferanse om inkludering
02. september 2015Vi sparkar i gang ei ny satsing på inkludering med dialogkonferansen Møteplass i Førde 24. oktober. Dette er staden for å vere kreative saman. Det blir idédugnad, speeddate, og vi set oss saman for å finne nye måtar å samarbeide på.
Barnelitterære fagdagar
09. oktober 2015Kva rører seg innan barne- og ungdomslitteraturen for tida? Det får vi svar på når Fylkesbiblioteket inviterer til barnelitterære fagdagar i Førde 28. og 29. oktober.
Kulturblogg i ny drakt
09. oktober 2015Kulturbloggen skal vere ein arena for kulturdebatt og for å fremje aktuelle tema innanfor det store og omfattande området «kultur». Vi ønskjer gjestebloggarar velkomne.
Fylkeskulturprisen 2015
01. oktober 2015Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin? No ynskjer vi framlegg til kandidatar til fylkeskulturprisen 2015.
Ny fredingssak i Balestrand
05. oktober 2015Sogn og Fjordane fylkeskommune varslar no oppstart av freding av eigedomen Heimdalstrand, gb.nr. 10/81, i Balestrand.
Diskuterte felles utfordringar
22. september 2015Den kulturelle skulesekken (DKS), ungdomens kulturmønstring (UKM) og kulturskulane i fylket samla 150 deltakarar til konferansen «Felles barn, felles ansvar» på Skei 17. og 18. september 2015.
Pris til Kongevegen
21. september 2015Kongevegen over Filefjell har fått prisen Vakre vegar 2014.
Kurs i søknadsskriving
18. september 2015Har du eit kulturminne eller kulturbygg du vil setje i stand? Då er det fleire stønadsordningar du kan søkje tilskot frå. Vi arrangerer gratis kurs i søknadsskriving i Dale 30. september.
Ungt engasjement
17. september 2015Kva er viktig for ungdom i Sogn og Fjordane og kva skal til for at desse tema vert sett på dagsorden? Møt dei ti ungdomane som deltek på prosjektet "Mine meiningar på mitt språk".
Satsar på universell utforming
09. september 2015Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått 100 000 kr frå Kartverket til å styrke arbeidet med universell utforming og tilgjengelegheit i friluftsområde.
Bloggstipend til ti ungdomar
03. september 2015Ungdomspolitisk utval (UPU) har plukka ut ti ungdomar til å delta på bloggprosjekt i regi av fylkeskommunen. Dei ti får eit gratis kurs og eit stipend på 5000 kroner kvar.
No kan du bli leseombod
27. august 2015Eit leseombod er ein som les høgt for andre, men det er òg så mykje meir. Sogn og Fjordane treng leseombod, og du kan bli med på kurs i Florø onsdag 21. oktober.
3,9 millionar til kulturbygg
25. august 2015Hovudutvalet for kultur fordelte 25. august nesten fire millionar kroner til kulturbygg ulike stadar i fylket.
Jenny tek over etter Henrik
24. august 2015Jenny Hatlelid Holsæter (16) frå Årdal representerer Sogn og Fjordane i ungdommens ressursgruppe (URG) dei neste to åra.
Bloggkurs og bloggstipend
20. august 2015Ungdom mellom 15 og 27 kan søke om å delta på kurs for å lære om foto, skriving og formidling på nett. Deltakarane får også bloggstipend for å blogge i etterkant av kurset. Fristen for å søke går ut om éi veke.
Prisvinnarar til skulen
19. august 2015Koordinator Øyvind Høstaker er stolt over programmet for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane komande skuleår. Han lokkar med sirkus, eksotisk musikk, teater og hemmelege heltar og – ikkje minst – prisvinnande film og teater.
Kurs i baby- og småbornsong
18. august 2015Bli med på kurs for å lære å arrangere og leie babysong og småsong i Førde 18. september. Kurset er retta mot faggrupper som arbeider med born, og passar både for nybyrjarar og for erfarne.
Vakthytte er freda
17. august 2015Klima- og miljødepartementet sin landsverneplan er ferdigstilt. Landsverneplanen omfattar freding av bygningar på 18 anlegg fordelt over heile landet. I Sogn og Fjordane er vakthytta i Vingen omfatta av fredingsvedtaket.
Imponert over countrydugnad
10. juli 2015Fylkesordførar Åshild Kjelsnes roste dugnadsinnsatsen under opninga av Norsk Country Treff 2015, men la også vekt på at dugnadsånd ikkje kan bere festivallasset aleine.
Frivilligliv og kultur
06. juli 2015Er frivilliglivet i endring, og korleis påverkar det i så fall samfunnet og kulturlivet? Forskarar, organisasjonsfolk og representantar frå det frivillige debatterte temaet på Førdekonferansen 2015.
Store opplevingar på UKM
26. juni 2015Frå 19. til 23. juni deltok 19 ungdommar frå Sogn og Fjordane på UKM-festivalen i Trondheim.
Konferanse: møteplass for inkludering
02. juli 2015Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer saman med Frivillighet Norge til møteplasskonferanse i oktober.
Bloggstipend for ungdom
22. juni 2015Er du mellom 15 og 27 år har du no sjansen til å søke om bloggstipend på 5000 kroner gjennom prosjektet "Mine meiningar på mitt språk". Inkludert i stipendet er også eit bloggkurs i september og påfølgjande skriving. Alle som likar å skrive og formidle på nynorsk kan søke.
Programmet er klart
22. juni 2015No kan du sjå alle dei ulike produksjonane som skal ut på turné til skulane i fylket neste skuleår. Den kulturelle skulesekken (DKS) sin digitale katalog har informasjon om alle tilboda kommande skuleår, og du kan ta ein kikk på den allereie no.
Nye utviklingsavtalar
19. juni 2015Sogn og Fjordane fylkeskommune har no inngått to nye utviklingsavtalar med frivillig sektor – ein med Sogn og Fjordane idrettskrins og ein med Gloppen musikkfest.
Søk om momskompensasjon
19. juni 2015Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,2 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2015.
Gratis spelemiddelkurs
16. juni 2015Vil du etablere eit anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv eller vidareutvikle eit kulturbygg, men treng finansiering? Bli med på spelemiddelkurs i august.
Klare for UKM-festivalen 2015
16. juni 201519 ungdommar frå Sogn og Fjordane reiser 19. juni til UKM-festivalen i Trondheim – 30 år etter at den første landsmønstringa for UKM vart arrangert i Førde.
Konferanse om idrettsanlegg
16. juni 2015Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer idrettsanleggskonferanse i Førde 15. oktober 2015. Tema er idrettshallar og symjebasseng, med særleg vekt på rehabilitering av symjebasseng.
«Felles barn, felles ansvar»
08. juni 2015Fylkeskommunen ved Den kulturelle skulesekken (DKS) og UKM inviterer saman med kulturskulane til kulturkonferansen «Felles barn, felles ansvar» 17. og 18. september 2015.
Fordelte årets spelemidlar
02. juni 2015Sogn og Fjordane fekk i år meir spelemidlar enn nokon gong – heile 37 millionar kroner. 2. juni fordelte hovudutvalet for kultur pengane til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv over heile fylket.
Førdekonferansen 2015
02. juni 2015Torsdag 2. juli vert Førdekonferansen arrangert for sjette gong. Konferansen er ein del av Førdefestivalen, og i år vert kulturen, frivilliglivet og tillit sett på dagsorden.
Desse går vidare i UKM
20. april 2015Om lag 240 ungdomar deltok på fylkesmønstringa for ungdomens kulturmønstring (UKM) i Førde i helga. Ti av innslaga skal representere Sogn og Fjordane på landsmønstringa i Trondheim i juni.
Samling om spelemidlar
21. mai 201518. juni arrangerer kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune den årlege samlinga for dei som har ansvar for tema kring spelemiddelordninga og anlegg for fysisk aktivitet i kommunane. I år er også kulturbygg eit tema på samlinga.
Tilrår omarbeiding av verdsarvsøknaden
18. mai 2015UNESCO meiner vikingstader bør inn på verdsarvlista, men vil at forslaget som no ligg føre, vert gjennomgått og omarbeidd. Kvernsteinsbrota i Hyllestad er del av verdsarvsøknaden for vikingstader.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941