Fotocollage med fire bilete. Det eine viser to små ungar utanfor ein smal tunnel, det andre syklistar og bilar i eit bybilete, det tredje er utsikt frå ei ferje mot ferjekaien på Anda og det siste syner ungdomar som er passasjerar i ein buss.

Foto tunnel og ferje: Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto buss: A til Å Grafisk design og media. Foto syklist: Miljøpakken.

Høyring – Regional transportplan 2018–2027

Utkastet til Regional transportplan (RTP) 2018–2027 er no ute på høyring. Fristen for å kome med innspel eller merknadar til høyringsutkastet er 30. september 2017.

Fylkesutvalet vedtok 20. juni å leggje utkastet til RTP ut til offentleg ettersyn. I tillegg til høyringsframlegget til sjølve planen, er også RTP handlingsprogram 2018–2021, utgreiinga om Kystvegen og eit forslag til gå- og sykkelstrategi for Sogn og Fjordane del av høyringa.

Utgreiinga om Kystvegen har vore ute på høyring tidlegare, men fylkesutvalet ber om nye innspel på strekninga frå Dalsfjorden og nordover til grensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Høyringsmøte

Fylkeskommunen gjennomfører eit høyringsmøte om utkastet til Regional transortplan 2018–2027 onsdag 13. september på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde kl. 10.00. Program og nærare invitasjon med påmelding kjem seinare, men vi ber dykk halde av dagen no.

Transportplanen skal endeleg godkjennast av fylkestinget i Sogn og Fjordane 5. desember 2017.

Høyringsdokument

  1. Regional transportplan 2018–2027
  2. Regional transportplan, handlingsprogram 2018–2021
  3. Utgreiing Kystvegen
    1. Vedlegg 1 – Alternative trasear
    2. Vedlegg 2 – Geologiske forhold
    3. Vedlegg 3 – Landskapsvurderingar
    4. Vedlegg 4 – Naturmangfald
    5. Vedlegg 5 – Kulturmiljø
    6. Vedlegg 6 – Naturressursar
    7. Vedlegg 7 – Nærmiljø og friluftsliv
    8. Vedlegg 8 – Trafikkanalysar og effekt
  4. Utkast til gå- og sykkelstrategi for Sogn og Fjordane

Vi ber om innspel og merknader til høyringsframlegget samt innspel på konkrete tiltak. Dei konkrete tiltaka må vere prioriterte.

Innspel og merknader kan sendast anten på e-post til post@sfj.no (skriv e-sak 15/257 i emnefeltet) eller via dette skjemaet: 

Send inn høyringsfråsegn

Høyringsfrist: 30. september 2017.





Dersom du har fleire vedlegg du vil leggje ved høyringsfråsegna di, send desse til post@sfj.no og merk dei med "Høyring Regional transportplan" og namnet ditt.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no