btr 3dek 57h

Stad surfeklubb

Høyring – Regional strategisk plan for kysten 2018-2029

No kan du sei meininga di om korleis vi kan skape ein attraktiv med folkevekst, vekst og berekraft i næringslivet og mange gjestande.

Utkastet til regional strategisk plan for kysten 2018-2029 er lagt ut på høyring. Hovudmålet for den regionale strategiske planen er «Ein kystregion som er attraktiv, med folkevekst, vekst og berekraft i næringslivet og mange gjestande». Dei fire strategiane er:

  • Etablere eit kystråd
  • Ta styringa i kampen om sjøareala
  • Knyte saman kysten med betre infrastruktur
  • Auke skaparkrafta og evna til nyskaping

Som tillegg til strategidokumentet ligg eit kunnskapsgrunnlag.  Vi ber om innspel og merknader knytt til strategidokumentet og kunnskapsgrunnlaget. I planarbeidet er det gjort ei omfattande spissing  med omsyn til kva tema som skal prioriterast. Det har vore semje om at «planen må peike framover, men ikkje kan løyse alt». Vi er derfor spente på om dei prioriteringane vi har gjort er fornuftige.

Utkast til strategi

Kunnskapsgrunnlag

Saksframlegg

Protokoll

Utsendingsbrev til høyringspartar


Frist for innspel er 24. april 2018

Både partar som er direkte invitert og andre er velkomne til å kome med innspel til strategien, anten via skjemaet her på nettsida eller ved å sende epost til post@sfj.no.
Merk innspel med saksnummer: 17/4114

Send inn høyringsfråsegn til Regional strategisk plan for kysten 2018-2029

Høyringsfrist: 24. april 2018





Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven