Foto av gangbrua på Amfi kjøpesenter i Førde. Biletet er teke seint på kvelden, det er klårt og mørkt og lys inne frå skywalken.

Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyring - Regional strategi for senterstruktur og tettstadutvikling

No kan du seie meininga di om korleis du vil sentera og tettstadane i fylket vårt skal utvikle seg i framtida.

Utkastet til regional strategi for senterstruktur og tettstadutvikling er lagt ut på høyring. Strategien er utarbeidd med føremål om å styrke tettstadane våre, og å utvikle sterkare bu -, arbeids - og serviceregionar i fylket.

Strategidokumentet som er på høyring omhandlar eit kunnskapsgrunnlag og framlegg til føringar (retningsliner). Satsområda i strategien er delt inn i følgande tema:

  • Attraktive tettstader
  • Attraktive bustader
  • Sterkare bu - arbeids - og service regionar 

Utkastet til strategien er tilgjengelig på nett.

Strategien er tenkt som eit grunnlag for Regional plan for arealbruk.

Frist for merknader/ innspel er 9. mars

Både partar som er direkte invitert og andre er velkomne til å kome med innspel til strategien, anten via skjemaet her på nettsida eller ved å sende epost til post@sfj.no.

For meir informasjon

Synnøve Stalheim
plansjef
synnove.stalheim@sfj.no
478 97 260

 

Høyring - Regional strategi for senterstruktur og tettstadutvikling

Frist for innspel er 9. mars




Gi innspel i ein eller fleire av tekstboksane under




Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven