Foto som syner eit trafikkskilt som symboliserer skuleveg. Det er eit blått skilt med kvit ramme og ein stor og ein liten person også i kvitt.

Foto: Øyvind Vikan/STfk

Høyring – Handlingsplan for trafikktrygging

Utkastet til handlingsplan for trafikktrygging 2018–2021 er no ute på høyring. Fristen for å kome med innspel er 3. november 2017.

Handlingsplanen for trafikktrygging skal koordinere og samordne arbeidet med trafikktrygging i Sogn og Fjordane. Det er fire hovudsatsingsområde i planen:

  1. Sikringsutstyr
  2. Rusførebygging
  3. Trafikksikker kommune
  4. Trafikkåtferd

Stortinget har vedteke visjonen om 0 drepne og 0 hardt skadde i trafikken. Fylkestrafikktryggingsutvalet i Sogn og Fjordane har denne visjonen som rettesnor i sitt arbeid med trafikktrygging. Fylkeskommunen har ikkje mynde til å instruere andre deltakarar i trafikktryggingsarbeidet, men kan oppmode til å samarbeide systematisk og målretta i lag for å nå den overordna visjonen om drepne og hardt skadde og redusere ulukkestala i fylket.

Gjennom handlingsplanen inviterer FTU til eit systematisk og målretta samarbeid med andre aktørar.

Høyringsdokument

Utkast til handlingsplan for trafikktrygging 2018–2021

Innspel og merknadar kan sendast anten på e-post til post@sfj.no eller via dette skjemaet:

Send inn høyringsfråsegn

Høyringsfrist: 3. november 2017





Dersom du har fleire vedlegg du vil leggje ved høyringsfråsegna di, send desse til post@sfj.no og merk dei med "Høyring Handlingsplan for trafikktrygging".

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
postmottak.sentraladm@sfj.no