Foto som syner cruiseskipet Britannia til kai i Flåm. I framgrunnen i biletet ser vi ein mann med ein liten unge på skuldrene, som begge ser mot det store skipet. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Høyring – Handlingsplan for cruisestrategien

Har du meiningar om cruisetrafikken på Vestlandet? Handlingsplanen for cruisestrategien for vestlandsfylka er no ute på høyring, og du kan seie meininga di fram til 2. januar 2018.

Handlingsplanen syner føreslegne tiltak innan klima, miljø og verdiskaping på land og femnar om dei to viktigaste innsatsområda innan cruise:

  • klima og miljø
  • auka verdiskaping på land

Klima og miljø viktige tema

Med ein venta vekst i framtidig cruisetrafikk må vi setje inn tiltak for å ta vare på naturen, miljøet og samfunna våre, og klima og miljø er såleis eit særs viktig innsatsområde. Auka trafikk er eit godt høve til å styrke innteninga i cruiserelatert verksemd på land, noko som skaper arbeidsplassar og ei inntening som kan vidareutvikle reiselivstilboda våre.

Handlingsplanen syner korleis ein kan setje i verk cruisestrategien som Vestlandsrådet vedtok i november 2016. Handlingsplanen vert no sendt ut på høyring, med høyringsfrist 2. januar 2018. Handlingsplanen vert så handsama i kvar av dei fire fylkeskommunane og deretter vedteken av Vestlandsrådet.

Dokument

Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Ingeborg Lysne McEvoy på ingeborg.lysne.mcevoy@sfj.no eller Endre Høgalmen på endre.hogalmen@sfj.no.

Du sender innspela dine anten på e-post til post@sfj.no, per post til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, eller du kan sende inn i skjemaet under.

Høyring - Handlingsplan for cruisestrategien

Høyringsfrist 2. januar 2018.





Dersom du har fleire vedlegg du vil leggje ved høyringsfråsegna di, send desse til post@sfj.no og merk dei med "e-sak 17/8674 - Høyring - Handlingsplan for cruisestrategien"

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00