Foto av fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling. Begge har fylkesordførarkjeder og står framfor ein grå vegg med logoane til begge fylkeskommunane.

Fylkesordførarane Jenny Følling og Anne Gine Hestetun ser no framover og ser fram til den vidare prosessen med å slå saman dei to fylka.

Historiske fylkestingsvedtak i Gulen

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland har i dag vedteke at dei vil kalle det nye fylket for Vestlandet. Fylkestinga har vore samla i Gulen, og de to fylkestinga gjorde likelydande vedtak om det nye fylket, som trer i kraft 1. januar 2020.

Dei to fylkestinga gjorde likelydande vedtak, og har mellom anna vedteke at dei ønskjer Vestlandet fylkeskommune som namn på det nye fylket, som trer i kraft 1. januar 2020. Dei har også gjort vedtak om at det nye fylkestinget skal ha 65 medlemar, og dei har sett ned ei fellesnemnd som skal leie prosessen vidare.

Endeleg i mål

– Dette er ein historiske og gledas dag. Etter ein lang prosess er vi endeleg i mål, slår fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland fast.

Ho får støtte frå kollega Jenny Følling i Sogn og Fjordane.

– Dagen i dag handlar om framtida, om å sjå framover. Stortinget har bestemt at Sogn og Fjordane og Hordaland skal slåast saman. No skal byggje eit vestland som skal bli godt for framtida, seier Følling.

Fellesnemnda trer i kraft

Fylkestinga vedtok både samansetjing av og reglementet for fellesnemnda i møtet i dag.

Den oppnemnde fellesnemnda skal i hovudsak planleggje og førebu samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland. Ei av dei viktigaste oppgåvene til fellesnemnda vert å førebu arbeidet med budsjettet for 2020 og økonomiplanen for 2020–2023.

– No startar arbeidet med å setje i verk det vidare arbeidet. Det blir mykje arbeid, som krev godt samarbeid, respekt og tillit mellom både politikarar og administrasjon, seier Anne Gine Hestetun.

Må sjå moglegheiter

Fellesnemnda fungerer fram til det første fylkestinget for den nye fylkeskommunen vert konstituert, innan utgangen av oktober 2019.

– Ambisjonen i den vidare prosessen må vere at forandringane blir til det betre. Vi må tenkje moglegheiter, sjå framover og skape fellesskap. Her får fellesnemnda ei viktig rolle, som drivar av den vidare prosessen, seier Jenny Følling.

Fellesnemnda er sett saman av fylkesutvala i dei to fylka, med til saman 24 medlemar, 15 frå Hordaland og 9 frå Sogn og Fjordane. Nemnda konstituerer seg sjølv og vel leiar og nestleiar, men fylkestinga har slått fast at ho skal ha leiar frå Hordaland og nestleiar frå Sogn og Fjordane.

Intensjonsplanen ein grunnstein

Dei to fylka underteikna i januar i år ein intensjonsplan for samanslåing, og fylkestinga vedtok i dag at denne skal følgjast i det vidare samanslåingsarbeidet.

– No skal vi bruke styrkene og svakheitene våre til å gjere kvarandre betre. Vi må spele på lag og ha solid respekt for kvarandre. God dialog og kommunikasjon vert viktig framover, seier Følling.

Hestetun legg vidare til at det «nye» vestlandet skal bli til beste for alle på Vestlandet.

– Den nye regionen vil gje kraft til eit sterkt vestland både med omsyn til demokrati, samfunnsutvikling og tenesteyting til innbyggjarane og næringslivet, seier ho.

Kulturell avslutning

Det felles fylkestingsmøtet fann stad på Dalsøyra barne- og ungdomsskule i Gulen. Etter møtet var avslutta og vedtaka gjort, reiser delegansjonane vidare til Tusenårsstaden Gulatinget, der det vert eit kulturprogram med artistar frå begge fylka.

Gulatinget er ein viktig historisk stad for både Sogn og Fjordane og Hordaland, då det var felles tingstad for dei to fylka i mellomalderen.

Protokoll frå møtet i fylkestinget 27. oktober 2017.

Kontaktpersonar

Fylkesordførar Jenny Følling
Sogn og Fjordane
479 05 990

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun
Hordaland
995 64 643

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven