Illustrasjon av dagsturhytta, snitt av hytta.

Dagsturhyttene skal ha godt synlege utstillingshyller for turbiblioteka, slik at det blir lett å orientere seg i samlinga. Illustrasjon: Rojo arkitekter

Har fått midlar til nynorske turbibliotek

Fylkesbiblioteket har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet Nynorske turbibliotek i Sogn og Fjordane. Biblioteka skal inn i dagsturhyttene som skal byggast i alle kommunane våre.

Prosjektet er toårig, og det første året er tilskotet frå Nasjonalbiblioteket på 400 000 kroner.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke initiativ til å få bygt dagsturhyttene, som får lik utforming og blir finansierte ved spelemidlar og støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. I alle hyttene skal det vere eit lite bibliotek.

Noko for alle

Turbiblioteka vil vere sett saman av ei samling av nynorske bøker, biletbøker, forteljingsbøker og faktabøker for barn. Det vert også bøker for ungdom og vaksne, som friluftsbøker, naturbøker, samlingar av segner og eventyr, og bøker om kulturminne frå områda hyttene ligg i.

Både små og store skal kunne finne bøker dei likar i biblioteket, og det skal vere plass både til å kunne sitje og bla i/lese ei bok og til høgtlesing. Hyttene vil bli innreia med utstillingshyller for bøkene, slik at det er lett å orientere seg i samlinga.

Vil nå breiare publikum

Gjennom turbiblioteka ynskjer Fylkesbiblioteket å nå ut til eit breiare publikum enn dei som vanlegvis nyttar folkebiblioteka. Målet er å stimulere til lesing og bibliotekbruk og å auke kunnskapen om nynorsk språk og litteratur.

Det er planlagt ei rekkje litterære og kulturelle arrangement i og ved dagsturhyttene, i eit samarbeid mellom Fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og aktuelle organisasjonar.

Les meir

Slik blir "Sogn og Fjordane-hytta"

For meir informasjon

Siri Ingvaldsen
fylkesbiblioteksjef
siri.ingvaldsen@sfj.no
907 89 828

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00