Illustrasjonsfoto av ein person som sit og jobbar med ein svart pc. Vi ser berre hendene til personen, og biletet er teke ovanfrå. Rundt pc-en ligg det briller, blyant, penn og diverse bøker.

Foto: pixabay.com

Har du att rett til vidaregåande opplæring?

Ei lovendring gjer at opp mot 300 ungdomar i Sogn og Fjordane kan ha att rett til vidaregåande opplæring, såkalla ungdomsrett.

Du kan ha «fått att» ungdomsretten dersom du:

  • er fødd i 1994 eller seinare
  • har starta eit utdanningsløp tidlegare
  • ikkje har fullført dei tre lovfesta åra

Dersom du trur dette kan gjelde deg, og du ønskjer å bruke ungdomsretten din til å ta meir vidaregåande opplæring, kan du ta kontakt med

Endring i opplæringslova

Grunnen til at fleire no kan ha «fått att» ungdomsretten er ei endring i opplæringslova. Endringa tettar gapet mellom den tidlegare ungdomsretten, som i praksis varte til 21 år, og vaksenretten som trer inn når ein fyller 25 år.

Retten til vidaregåande opplæring gjeld no ut det skuleåret som tek til det året ein fyller 24 år.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven