Dagsturhytta

(Foto: Atle Skrede)

Dagsturhytta Gulakvila

Dagsturhytta kjem til Gulen i løpet av hausten 2018.

Dagsturhytta i Gulen kommune heiter Gulakvila og ligg på Løypingåsen. Dette er ein lett tur som passar for alle, både born og eldre. Ligg nærme knutepunkt for mange turstiar vidare opp i høgare fjell.

Parkering og tilkomst

Turen startar frå parkeringsplassen ved kommunehuset i Eivindvik, Eivindvikvegen 1119. Ein kan også starte frå byggjefeltet, Øvre Stølen i Eivindvik der ein kan parkere privat eller på små parkeringsplassar som ligg i byggjefeltet.

Stien til hytta

Frå kommunehuset går du i godt merka tur terreng mot Vassverket. Derfrå går du vidare mot merka mål Løypingåsen. Frå Øvre Stølen går du opp øvst i byggjefeltet, følg bilvegen mot Øvre Stølen 59-69. Frå øvste privatveg går det sti ut i marka, gå mot merke Løypingåsen. Begge vegar er starten på turløyper. Det er moderat stigning, gode og tydelege turstiar som er godt vedlikehaldne og godt merka. Det er ikkje tilrettelagt for barnevogn eller rullestol. Når du kjem til Gulakvila ser du inn mot Gulafjorden og utover i øyane som ligg mot havet. Du har godt oversyn over Eivindvik sentrum og byggjefeltet.

Avstandar

Hytta ligg på 149 meter. Frå kommunehuset til Gulakvila tek turen ca 30-45 minutt for ein vaksen. Frå Øvre Stølen tek turen 20 – 30 minutt for ein vaksen. Vanleg turtempo.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Atle Skrede

Rådgjevar fysisk aktivitet

Atle.Skrede@sfj.no

41530716

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00