GMU – Grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom

GMU er eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som har behov for meir grunnskuleopplæring før ordinær vidaregåande opplæring.

Tilbodet er eit samarbeid mellom kommunane og fylkeskommunen. Det har erstatta det som tidlegare vart kalla innføringsklasse for ungdom på vidaregåande skule.

Skuleåret 2018/2019 er det grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom for elevar i desse kommunane: Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gloppen, Gulen, Hornindal, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Leikanger, Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Stryn, Vik, Vågsøy og Årdal.

Ta kontakt direkte med kommunen om kommunen din ikkje har dette tilbodet i dag.

GMU føregår på ein vidaregåande skule, slik at du som ungdom får vere i lag med jamnaldringar. Det kan vere eit godt alternativ til å gjennomføre grunnskuleopplæring gjennom vaksenopplæringstilbodet i kommunen.

Kva er GMU?

GMU er opplæring i grunnskulepensum over eitt eller to år, der du avsluttar med grunnskuleeksamen. Det gir deg eit vitnemål med karakterar du bruker for å søkje inntak til vidaregåande opplæring. Slik konkurrerer du på lik linje med andre søkarar.

Inntaket til vg1 er basert på karakterane du har frå grunnskulen. Lågt karaktersnitt eller manglande karakterar, kan gjere til at du ikkje kjem inn på utdanningsprogrammet eller studiestaden du ynskjer.

Krav til A2-nivå i norsk

For å søkje inntak til dette tilbodet, må du ha eit A2-nivå i norsk munnleg og skriftleg før du startar. Om du har eit lågare nivå enn A2, vil du ikkje få nok utbytte av dette året til å ta eksamen. Tilbodet tek utgangspunkt i tiårig grunnskule som skal gjennomgåast på eitt år. Grunnleggjande norskkunnskapar før oppstart er difor avgjerande for resultatet. Om du ikkje har nådd A2, anbefaler vi at du tek meir norskopplæring i kommunen din.

Søking

Søknadsskjema for å søkje grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom finn du her.

Prøvebevis frå norskprøven til Kompetanse Norge eller vitnemål med minimum karakteren 2 i norsk skal ettersendast innan 25. juni. Dersom du er under 18 år kan du i staden nytte ein individuell vurdering av læraren din.

Studiestøtte frå Lånekassen

Om du får tilbod om opplæring i grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom, kan du søkje Lånekassen om studiestøtte. Pass på at du vel rett søknadsskjema.

  • Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring må velje søknadsskjema «vidaregåande opplæring».
  • Søkjarar med rett til grunnskule må velje søknadsskjema «høgare og annen utdanning».

Søkjarar som får introduksjonsstønad har ikkje rett på studiestøtte. Sjå www.lanekassen.no for meir informasjon.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Yrla Klein
prosjektmedarbeidar integrering
yrla.klein@sfj.no
403 49 549

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00