Gneis frå Sløvåg til offshoreindustrien


Gneis frå Sløvåg i Gulen skal leverast til Hydro sitt Ormen Lange prosjekt

Halsvik Aggregates AS i Sløvåg har sikra seg kontrakt for levering av stein både til norsk og engelsk sektor. Ormen Lange utbygginga til Hydro betyr bygging av gassleidning frå feltet og inn til Nyhamna på Aukra. Deretter blir den rensa gassen sendt i eigne røyr til mottakarstasjon i Ensington i England. Røyrleidninga har fått namnet Langeled. Det er Hydro som er annsvarleg for utbygginga.

Sløvåg verksemda har no skrive kontrakt om leveransar også i engelsk side av Nordsjøen. Denne leveransen er verdt omlag kr. 20 mill. Dermed nærmar dei seg ei samla kontrakt på kr. 100 mill. til Langeled. Halsvik Aggregates har vore med på Hydro si Ormen Lange utbygging sidan starten sommaren 2004. I følge Lars Hellandsjø, dagleg leiar i Halsvik Aggedates, ser det no ut til at dei blir med i prosjektet heilt fram til ferdigstilling i 2007.

Steinen frå Sløvåg blir knust ned til pukk, og blir nytta til fundamentering (seng) og overdekning (dyne) av røyrleidningane til og frå Aukra. Samla vil det vera behov for rundt to og ein halv mil. tonn med stein. Denne vil bli produsert og henta i Sløvåg av spesialfartøy som er konstruert for presisjonslossing langsmed leidningtraceen. Ein del av kontrakten er bygging av betongringar som skal plasserast på sjøbotnen i tilknytning til røyrleidningane. Denne produksjonen vil også føregå på industriområdet i Sløvåg.

Halsvik Aggegates har dessutan sikra seg eigarskap i eit steinbrot i Kvalsund i Finnmark. Derfrå leverer dei store mengder knust stein til Statoil si Snøkvit-utbygging og Melkøya i Hammerfest.

Halsvik Aggregates passerte i 2004 kr. 100 mill i omsetnad, med eit driftsresultat på oppmot 10 prosent.

Ormen Lange utbygginga er samla budsjettert til kr. 66 mrd. Det er Hydro som står for planlegging og utbygging av feltet, medan Shell skal overta drifta når anlegget står ferdig i 2007. Langeled på 1200 km, frå Aukra til Ensington, seiest å vera verdas lengste gassleidning under vatn. Gassvolumet vil dekke 20 % av behovet for naturgass i UK over ein periode på 40 år. Fleire andre verksemder i Sogn og Fjordane har også leveranser til prosjektet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven