Foto av rådgjevar og folkehelsekoordinator i den offentlege tannhelsetenesta, Britt Sønnesyn. Ho sit ved pc-en på kontoret sitt.

Britt Sønnesyn tykkjer samarbeidet med barnevernet er noko av det mest gjevande ho har vore med på i sine 40 år i den offentlege tannhelsetenesta i fylket.

Gir seg etter 40 år med offentleg tannpleie

Då ho vart tilsett i januar 1978 var Britt Sønnesyn den første og einaste tannpleiaren i den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane.

Ho har aldri hatt nokon annan arbeidsgjevar enn den offentlege tannhelsetenesta og har berre hatt kortare permisjonar på grunn av studiar og eit toårig spaniaopphald. No gir ho seg, etter 40 års teneste med tannhelse og folkehelse for særleg born i fylket.

Etter 25 år på Sogndal tannklinikk hadde ho hatt alle ungane i bygda i 2–3 generasjonar i stolen. Då var det på tide å gjere noko nytt, og ho vart tilsett som rådgjevar og folkehelsekoordinator. Der har ho jobba særleg for born og unge, gjennom samarbeid med kommunane, blant anna barnevernet og helsestasjonane.

«Prøvekanin» i starten

På slutten av 70-talet var Reidar Tveit fylkestannlege i Sogn og Fjordane. Det var overtannlegar rundt om i fylket, og på tannklinikkane var det tannlegar og tannlegeassistentar. Frå tannpleiarutdanninga i Bergen kom Britt Sønnesyn og vart først tilsett i eit prosjekt på Nordfjordeid, før jobben ved Sogndal tannklinikk venta.

– Eg vart nok litt «prøvekanin» i og med at eg var den første tannpleiaren. Dei visste ikkje heilt kva dei skulle bruke meg til, og eg måtte bevise at tannpleiaren også hadde ein viktig funksjon på tannklinikken. Det har vore ein til tider krunglete veg for å kome dit vi er i dag, fortel ho.

Ho legg ikkje skjul på at det har vore ein viss grad av profesjonskamp opp gjennom. Men dei 20 tannpleiarane som er tilsette på offentlege tannklinikkar i fylket i dag, er bevis på at prøvekanina var viktig.

Rivande utvikling

I starten var det berre førskuleungar som var pasientar hjå tannpleiarane, og det var heilt vanleg at ungar i førskulealder hadde hol i tennene sine. I dag har 82 prosent av femåringane i fylket aldri hatt hol. Hovudoppgåva til tannpleiarane har heile tida vore det førebyggjande arbeidet. Samarbeidet med helsestasjonane har vore tett, og utfordringane har vore dei same, blant anna kosthald og hygiene.

Etter kvart har også pasientgruppa utvida seg, frå å vere berre ungar til å inkludere alle delar av befolkninga.

– Tannpleiarane i dag gjer ein formidabel jobb og samarbeider godt med både kommunale tenester og frivillige. Det har vore ei rivande utvikling for både tannpleiarfunksjonen og yrket. I dag er det stort sett tannpleiarane som har ansvar for det helsefremjande og førebyggjande arbeidet ved tannklinikkane. Det at vi har fått tannpleiarkompetanse også i administrasjonen, har gjort det lettare å utvikle tannpleiarfunksjonane, seier Britt.


Foto av tannpleiar Britt Sønnesyn med ein blid, lyshåra, treårig pasient i tannpleiarstolen.
Britt Sønnesyn tok til som tannpleiar ved Sogndal tannklinikk heilt på slutten av 1970-talet og hadde store delar av befolkninga der innom tannpleiarstolen fram til ho gav seg i 2006. Her er det ein ung Henrik Navarsete som undersøkjer at alt står bra til med tannpleiarutstyret.

Samarbeid sentralt

Sidan ho tok til i administrasjonen i 2006, har tverrfagleg samarbeid vore ein stor del av jobben til Britt. Fylkeskommunen har i dag samarbeidsavtalar med alle kommunane. Samarbeidet med Fylkesmannen har vore tett, særleg når det gjeld folkehelsearbeid, og Britt har også vore med og organisert samarbeidet mellom tannhelsetenesta og Vik fengsel. Det mest gjevande samarbeidet for Britt personleg har likevel vore samarbeidet med barnevernet.

– Eg har sidan eg starta på 70-talet jobba veldig mykje med og for ungar, difor har dette arbeidet med barnevernet vore fantastisk gjevande å vere med på. Saman med tannhelsetenestene i Rogaland og Hordaland har vi utarbeidd retningsliner for kva tannhelsetenesta kan bidra med i samarbeidet med barnevernet. Det går blant anna ut på korleis vi kan bidra til å avdekkje omsorgssvikt og overgrep, fortel ho.

Tannhelsepersonell er dei helsearbeidarane som behandlar alle barn og unge frå 0–18 år regelmessig, og dei er difor i ein unik posisjon til å avdekke ulike former for omsorgssvikt. Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet fekk i 2013 Zendium-prisen for dette arbeidet, og retningslinjene har etter kvart blitt gjeldande for heile landet. Ein av deltakarane i samarbeidet frå Hordaland tek no ein doktorgrad på temaet barnevern og tannhelse.

Klar for anna livssituasjon

Sogn og Fjordane har på mange måtar vore eit føregangsfylke i tannhelsearbeidet. Tannhelsetenesta har fått til ting som har fungert, og som har gjort at andre har sett til fylket. Så korleis er det då å gje seg, etter å ha vore ein del av og følgt utviklinga i tannhelsetenesta i 40 år.

– Eg har brukt tid på å bli klar til å avslutte yrkeskarrieren og gå over til ein annan livssituasjon, så det skal gå fint. Kanskje kjem eg tilbake som pensjonist og får nokre oppgåver vidare, særleg når det gjeld saker og rutinar eg har vore med å jobbe fram, seier  Britt.

Ho har også fått spørsmål frå organisasjonen Tannhelse utan grenser om å vere med på frivillig arbeid, og tykkjer også dette høyres ut som ein spennande og gjevande jobb.

– Det er viktig å byte beite og ha noko spennande å sjå fram til, avsluttar ho.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Clara Øberg, konstituert fylkesdirektør for tannhelse, passbilete

Clara Øberg

Direktør for tannhelsetenesta

clara.oberg@sfj.no
415 30 713

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no