5tjz 57nf 6f

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland var samla på Gulatinget i oktober 2017. (Foto: Gøril Sætre)

Fylkesutvalet går for Vestland som fylkesnamn

Eit samla fylkesutval vedtok 12. februar at det ønskjer Vestland som namn på det nye fylket, sett saman av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Fylkestinga i begge fylka har tidlegare vedteke å bruke namnet Vestlandet, men det har kome kritikk mot namnevalet. Nabofylkeskommunane Rogaland og Møre og Romsdal er begge usamde i forslaget. 

No har fylkesutvala i både Hordaland og Sogn og Fjordane gjort nye namnevedtak. Begge tilrår at namnet på det nye fylket vert Vestland. Det er Stortinget som gjer endeleg vedtak i saka, og det er venta at namna på alle dei nye fylkeskommunane vert klare før sommaren.

Møtte kommunalministeren i januar

Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal fylkeskommunar møtte i Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) 19. januar, for å drøfte namnet på den nye fylkeskommunen på Vestlandet.

Kommunalminister Monica Mæland ville høyre fylkeskommunane sine synspunkt. KMD planlegg å ferdigstille innstilling si til namn på alle dei nye fylkeskommunane seinare i vår.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713