Foto av fylkesordførar Jenny Følling. Ho sit i ein stol på kontoret sitt og har på seg kvit bluse og svart bukse.

Foto: Thor-Aage Lillestøl

Fylkesordføraren si julehelsing

Kjære innbyggarar! Då er julehøgtida her, og vi har tent det fjerde lyset som markerer at advent og ventetida er over. Eg håper dei fleste får eit velfortent pusterom frå ein hektisk kvardag i juledagane.

2017 har vore eit år med historiske avgjerder i fylkeskommunen. Fylkestinget har handsama mange viktige saker, men den største saka har vore regionreforma. No har Stortinget gjort vedtak som inneber at Sogn og Fjordane og Hordaland skal bli eitt fylke frå 2020.

Då er tida inne for å løfte blikket og sjå framover på det arbeidet vi har framfor oss dei neste to åra – og det vil bli ein stor og gjennomgripande jobb som vil involvere alle fylkespolitikarar og alle tilsette i fylkeskommunen på eit eller anna vis. Og resultatet vil påverke de som er innbyggarar i fylket vårt, og bur i den nye fylkeskommunen.

Eg meiner det er viktig at vi konsentrerer oss om kva vi kan skape i eit nytt Vestlandsfylke. Målet vårt må vere å bygge eit nytt vekstkraftig fylke med ei sterk stemme. Vi skal løfte fram den vestnorske kulturen, det nynorske språket og alt vi er gode på. Sogn og Fjordane er det nynorske grunnfjellet, og språket er ein viktig identitets- og kulturberar. Vi kan gå i bresjen for å ta nasjonale oppgåver på dette området.

Vi bur i eit ressursrikt fylke med flinke, arbeidssame folk, og vi leverer gode resultat. Eit godt eksempel på det, er dei vidaregåande skulane, der vi leverer skuleresultat i landstoppen. Ei stor anerkjenning er tildeling av Dronning Sonja sin skulepris til Firda vidaregåande, den mest prestisjetunge skuleprisen i landet. Vi har mykje erfaring med næringsutvikling i distrikta, denne erfaringa er eit av dei områda vi har mykje å bidra med i det nye samarbeidet.

No står jula for døra og mange av oss gler seg til å feire saman med familie og vener. Då er viktig å hugse på at det sit ein del einsame menneske også i nærområdet vårt, menneske som kanskje ikkje har den gode kjensla for jula. Vi veit at det og at det finst menneske som ikkje har råd til ei ordentleg julefeiring, som ikkje har høve til å kjøpe gåver til borna sine, eller kose seg med julemat og pakkar som dei fleste av oss forbind med jula. Mi oppmoding til oss alle er at vi er litt ekstra oppmerksame, litt ekstra omtenksame overfor folk rundt dykk.

Ein ekstra varm tanke til alle som jobbar i jula, dei som går på vakt og syter for at samfunnet går rundt i høgtida, og som passer på våre sjuke, våre gamle og våre sårbare. God vakt!

Ta vare på kvarandre, bruk tida på dei nærmaste og dei som treng deg. Nyt julefri og lade batteria, og så sjåast vi på nyåret med friskt mot og klare for eit nytt år. Eg vil ynskje dykk alle ei fredeleg og høgtidsstemt julefeiring, og ynskje alle og ein kvar ei retteleg GOD JUL!

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven