Fylkesordføraren si julehelsing til innbyggjarane

Les fylkesordførar Jenny Følling si julehelsing til innbyggjarane i Sogn og Fjordane her:

Fylkesordførar mes bunad og ordførarkjedaKjære innbyggarar!

Jula er berre nokre dagar unna, og julehøgtida står for døra. Eg håper alle får ein velfortent kvil i jula, etter ein hektisk kvardag.

Vi går inn i det siste året i denne fylkestingsperioden. Vi går også inn i det siste året Sogn og Fjordane er eige fylke. Mange kjenner på at det er vemodig. Men Stortinget har bestemt at Sogn og Fjordane og Hordaland skal bli eitt fylke, og regionreforma har vore det store prosjektet i året som har gått. Det er ein arbeidskrevjande prosess, men vi har ein kompetent og effektiv administrasjon som eg er veldig stolt over.  

Vi går ei spennande tid i møte. Vi veit ikkje heilt kva framtida vil bringe. Det skjer store strukturendringar på mange område. Vi som er politiske leiarar må ta leiarskap og sikre interessene til folk og verne om arbeidsplassane i fylket. Vi må lage eit rammeverk og ein grunnstruktur i det nye vestlandsfylket som vil stå seg i framtida.

Regjeringa har nyleg lagt fram oppgåvemeldinga. Eg er glad for at fylkeskommunen får fylkesvegansvaret. Dette er viktig for at fylka skal kunne vere ein god vegeigar. Det er positivt at regjeringa har landa nokre oppgåver, men det er framleis mykje som er uavklara. 

Det er viktig å vite kva nye oppgåver fylka skal fyllast med, når vi skal bygge vestlandsfylket og peike ut kursen for framtida. Vi må løfte fram den vestnorske kulturen og binde saman fylket med gode kommunikasjonar. I vårt store fylke er det heilt nødvendig å utvikle levedyktige og attraktive lokalsamfunn, tettstader og byar, og sjå busetjing, kommunikasjonar og næringsutvikling i samanheng. 

I Sogn og Fjordane har vi dei seinare åra jobba godt i denne retninga. Gjennom den regionale planstrategien, verdiskapingsplanen og andre regionale planar, har vi prøvd å samordne innsatsen. Sogn og Fjordane ligg i landstoppen både når det gjeld gjennomføring, trivsel og resultat i den vidaregåande skulen. Dette er blitt lagt merke til. Sogn og Fjordane fylkeskommune leverer gode resultat, og har mykje å bidra med inn i den nye fylket. Dei tilsette gjer ein framifrå jobb!

Det nye fylket vil ha eit regionalt og nasjonalt kraftsenter i Bergen. Det nye fylke vil også vere eit stort distriktsfylke med mindre byar – både i Sogn og Fjordane og Hordaland. I Vestland fylke vil over halve befolkninga bu i distrikta. Vi har mange felles utfordringar: spreidd busetnad, lange avstandar, krevjande geografi og demografiske utviklingstrekk. Å bygge saman fylket med veger, breiband, båt- og flyruter, og å skape ein felles kulturell identitet vil verte avgjerande for å lukkast.

Vi bestemmer sjølve kva posisjon vi vil ta i det nye fylket. Eg trur regionråda vil få ei viktigare rolle, og at vi treng sterke samarbeidskonstellasjonar som kan stå opp for våre interesser. Samarbeidet med næringslivet vil vere viktig. Dei har vist at det er mogleg å få til det umoglege. Det handlar om så sjå handlingsrommet, skape alliansar og ta dei rette kampane.

Akkurat no kjenner eg at julefreden er i ferd med å senke seg. Eg håpar alle får ei god og fredeleg jul. Ta vare på kvarandre og på dykkar kjære. Nokon kjenner på sakn etter å ha mista nokon av sine kjære. Mi oppmoding er å vere litt ekstra omtenksame og rause med kvarandre. Det kostar så lite og gjev så mykje. Nyt juleferien og lad batteria så vi med friskt mot og med ny giv er klare for 2019.

Eg ynskjer dykk alle ei fredeleg og høgtidsstemt julefeiring.

Julehelsing frå Jenny