Fylkesordføraren gratulerer årets unge sjef

Hotelldirektør Preben Moen ved Gloppen Hotell fekk 17. juni prisen «Helt sjef». Juryen let seg imponere av handlekrafta, leiarevnene og ambisjonane til Moen. Fylkesordføraren er blant gratulantane.

– Her er det berre å stille seg i rekkja av gratulantar. Eg tykkjer dette er eit godt døme på kva for strålande leiarar vi har i fylket vårt. Det er sterkt gjort å gå heilt til topps i ein konkurranse med mange gode kandidatar, og eg tykkjer Moen er eit godt førebilete for andre unge i fylket, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Preben Moen tok over drifta av familiebedrifta Gloppen Hotell då faren døydde brått i 2013. Juryen meiner 23-åringen har løyst utfordringa på ein framifrå måte. Juryleiar Leif Frode Onarheim trekkjer også fram Moen som ein viktig bidragsytar i lokalmiljøet og ein person med sterke verdiar.

Prisen «Helt sjef» vert delt ut av organisasjonen Lederne saman med fleire private aktørar. Prisen vert delt ut kvart år og går til inspirerande og initiativrike personar under 30 år.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven