Fylkeskulturprisen til Sigrid Terese Moldestad

Hovudutval for kultur som er samla i Fylkeshuset på Hermansverk har i dag 30. november vedteke å tildele Fylkeskulturprisen til songaren og felespelaren Sigrid Terese Moldestad frå Breim.

I grunngjevinga har Hovudutval for kultur lagt vekt på at Sigrid Moldestad er ein særs dyktig formidlar, ho representerer fylket på ein framifrå måte slik at ho står fram som ein god ambassadør for Sogn og Fjordane. Ho framhevar nynorsken og held god kontakt med heimbygda og det frivillige lagsarbeidet der ho starta si løpebane som felespelar i Breim spelemannslag.

Moldestad har dei siste åra slått igjennom på landsplan og har vunne mange prisar; sist helg vart ho tildelt Lutt-prisen av NRK Sogn og Fjordane. I tillegg er ho Årets folkemusikar for 2010, ho vann Folkelarmprisen 2010 for plata Sandkorn og fekk også heimkommunen Gloppen sin målpris for 2010. Ho har i tillegg to Spellemannsprisar og har hatt arbeidsstipend frå Statens Kunstnarstipend i 2001 og 2002.

Sigrid Terese Moldestad er frilansmusikar med base i Bergen. Ho lærde felespel av sterke tradisjonsberarar i Breim spelemannslag og vart seinare uteksaminert på det første kullet ved den toårige Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss.

Fylkeskulturprisen vert delt ut på komande fylkesting som finn stad i Fylkeshuset på Hermansverk 14. og 15. desember.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven