foto av Fylkeshuset i Leikanger, totalbilde av sida med inngangsparti, vår og blå himmel, foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkeshuset i Leikanger. foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkeskommunen

Som innbyggjar i Sogn og Fjordane møter du tenestene våre kvar dag.

Fylkeskommunen har ansvar for samfunnsoppgåver som

  • vidaregåande opplæring og skule
  • samferdsle
  • tannhelsetenesta
  • kulturområdet
  • næringsutvikling
  • rettleiing innan kommunal planverksemd

Regional utvikling

Sogn og Fjordane fylkeskommune er sentral i arbeidet med regional utvikling på fleire område i fylket, i lag med kommunar, regionråd, næringsliv og frivillige organisasjonar.

Politisk og administrativt nivå

Fylkeskommunen er bygd opp av eit politisk og eit administrativ nivå. Politikarane gjer vedtak, administrasjonen greier ut og set vedtak i verk.

  • Fylkeskommunen er styrt av fylkestinget, som blir valt samstundes med kommunevalet kvart fjerde år. Fylkestinget vedtek planar, saker og budsjett for arbeidet til fylkeskommunen og vert leia av fylkesordføraren
    Politikken for ulike område i fylket vert også forma gjennom fleire fagspesifikke råd og utval.
  • Det administrative og verksemdutøvande nivået er sett saman av ein sentraladministrasjon og fleire verksemder. Fylkesrådmannen er øvste administrative leiar.
  • Fylkeskommunen er eit av tre forvaltningsnivå i Noreg. De to andre nivåa er kommune og stat.

Fylkeskommunen har rundt 1400 tilsette, som utgjer 1100 årsverk. Det samla årlege budsjettet vårt er på om lag tre milliardar kroner, der investeringsbudsjettet utgjer om lag 350 millionar kroner.

Fylkeskommunen må ikkje forvekslast med Fylkesmannen, som representerer staten i fylka.  

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Tore Eriksen
Fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Paal Fosdal
Ass. fylkesrådmann
paal.fosdal@sfj.no
906 39 859

Tip a friendTips ein ven