Foto av arbeid i straummast på vinterstid. Det er to personar i gule og mørkeblå arbeidsklede oppe i masta, medan det står ein på bakken og følgjer med. I framgrunnen ser vi ein lysegrå varebil med SFE-logo på sida.

Foto: Eikeseth Nygjerd Fotografi/SFE

Fylkeskommunen vil sikre at verdiane i SFE blir verande i Sogn og Fjordane

Fylkesutvalet tek ut søksmål mot BKK for å avgjere om selskapet kan gjere forkjøpsretten gjeldande dersom fylkeskommunen overfører aksjane i Sogn og Fjordane Energi (SFE) til kommunane.

Bakgrunnen er regionreforma og fylkessamanslåinga med Hordaland frå 2020. Fylkestinget har heile vegen vore oppteke av å sikre at verdiane som ligg i den fylkeskommunale eigarskapen i SFE-konsernet, skal bli verande i Sogn og Fjordane.

Har drøfta ulike modellar

Eit samrøystes fylkesting gav i desember 2016 fylkesrådmannen i oppgåve å arbeide vidare med korleis dette kan gjerast og å konsultere og orientere fylkesutvalet undervegs. Det eine alternativet fylkestinget ønskte å få greidd ut, er om aksjane fylkeskommunen har i SFE kan overførast til primærkommunane i fylket før fylkessamanslåinga.

BKK har varsla at selskapet har rett til å gjere forkjøpsrett gjeldande om fylkeskommunen vel denne løysinga. Fylkeskommunen er ikkje einig i dette, og har difor drøfta ulike modellar for organisering av eigarskapen med BKK for å unngå at spørsmålet om forkjøpsrett kjem på spissen.

Søksmål for å få avklaring

Prosessane med å utgreie alternative modellar for verksemda i SFE vil ta tid. Fylkesutvalet har difor vedteke å ta ut søksmål mot BKK no, for å få ei rettsleg avklaring av om selskapet kan gjere forkjøpsretten gjeldande. Målet er at fylkestinget skal kunne ta stilling til overføring av SFE-aksjar til kommunane før samanslåinga i 2020.

Det er ein absolutt føresetnad for fylkesutvalet at ei overføring av aksjar til primærkommunane ikkje må utløyse forkjøpsrett. Aksjane i SFE skal ikkje «setjast i spel».

Fylkesrådmannen får samstundes mandat til å forhandle vidare med BKK om alternativ til ei rettsleg prøving.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Åshild Kjelsnes
Fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
Rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713