Foto av ferja MF Losna teke på ein finvêrsdagen. Ferja ligg ute på fjorden.

Ferjer med hydrogen-elektrisk drift er det neste på hydrogenfronten. Som ein av dei første i verda, har Statens vegvesen lyst ut ein utviklingskontrakt for ei slik ferje. Planen er at ferjesambandet Hjelmeland–Nesvik utanfor Stavanger skal trafikkerast av hydrogenferja. (Foto: Fjord1)

Fylkeskommunen støttar hydrogenprosjekt

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil bidra til at fylket vert ein føregangsregion for hydrogenteknologi. No har Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane bidrege med ei pengegåve slik at vi kan lyse ut midlar til forprosjekt som bidreg til ei slik utvikling.

Kvart forprosjekt kan få inntil 400 000 kr, og prosjekta skal bidra til å drive fram hydrogenbaserte verdikjeder i regionen. Element som kan inngå i ei hydrogenbasert verdikjede er

  • hydrogenproduksjon basert på fornybar energi
  • infrastruktur for tanking, lagring og distribusjon
  • eit sluttbrukarledd eller ein potensiell marknad innan fleire bruksområde

Spele på fylket sine fortrinn

Energimeldinga frå 2016 kom med nasjonale føringar på at meir av den norske fornybare energien skal nyttast til å redusere utslepp av klimagassar, mellom anna innanfor transportsektoren. Utvikling av nullutsleppsløysingar som nyttar batteri-, hydrogen- og brenselcelleteknologi står sentralt her.

– Med vårt netto kraftoverskot, og eit næringsliv som er svært konkurransedyktige innanfor ulike bruksområde for hydrogen, er dette eit naturleg satsingsområde for Sogn og Fjordane. Med den nye tilskotsordninga vil vi hjelpe næringslivet til å vere med på denne utviklinga, som kjem til å gå raskt dei neste 5–10 åra, seier Elisabet Kjerstad Bøe, som er leiar for prosjektet Hydrogen Region Sogn og Fjordane.

Løpande søknadsfrist ut 2017

Fylkeskommunen legg vekt på å koordinere tilskotsordninga for hydrogenprosjekt med verkemidla til Innovasjon Norge.

Her kan du lese meir om tilskotsordninga, om krav til søknad, og korleis du søkjer.

Det er ingen søknadsfrist, og søknadane vil bli handsama fortløpande. Ordninga varer til 31. desember 2017.

Hydrogen (H)

  • Det vanlegaste og lettaste grunnstoffet i universet.
  • Ved normalt trykk og temperatur er hydrogen ein fargelaus, luktfri, ikkje-giftig, brennbar gass, som er sett saman av to hydrogen-atom (H2).
  • Opptrer på jorda hovudsakleg som vatn – i kombinasjon med oksygen.
  • Finst også i betydelige mengder i planter, olje, naturgass og ulike og metalliske samband.

Hydrogen som energiberar

  • Hydrogen er ikkje ei energikjelde, men ein energiberar, som har som hovudfunksjon å transportere energi frå energikjelda til forbrukaren.
  • Ein svært liten del av atmosfæren er sett saman av hydrogen som fritt element.
  • Hydrogen må difor framstillast, som andre energiberarar, t.d. elektrisitet.
  • Dei vanlegaste måtane å framstilla hydrogen på er å reformere naturgass og vasselektrolyse.
  • Det er mest vanleg å lagre hydrogen som komprimert gass (gjerne 200/700 bar) eller nedkjølt flytande oksygen (-253 grader).
  • Ein annan – men til no lite brukt – lagringsmetode, er å lagre hydrogen i fast form ved bruk av såkalla metallhybrid.

For meir informasjon

 Elisabet Kjerstad Bøe
prosjektleiar Hydrogen Region Sogn og Fjordane
915 91 548
elisabet.kjerstad.boe@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00