Fylkeskommunen foreslår å frede Osmundnes i Gloppen

Fylkeskommunen har vurdert Osmundnes til å vere eit kulturminne av nasjonal verdi og stettar kravet til ei freding etter Lov om Kulturminne. Formålet med fredinga er å bevare Osmundnes som eit bygningshistorisk og kulturhistorisk viktig døme på eit gamalt klyngjetun i Nordfjord, bygd og drive under særeigne naturtilhøve.

Fredingsforslaget av Osmundnes i Gloppen kommune

Særeigne vernemurar

Det mest særeigne ved tunet er dei store vernemurane som er satt opp ved autsgavlen på husa øvst i tunet for å skjerme dei for snøras, og fonnvinden som raset fører med seg. Omfanget av dette systemet av vernemurar har ikkje sidestykke i Noreg. Den systematiske plasseringa av dei til dels store uthusa bak og ovanfor bustadhusa er eit sjeldsynt trekk med same føremål. I vår eiga tid, då naturkreftene kan opplevast som truande for mange, er Osmundnes aktuelt som eit historisk eksempel på korleis menneska har tilpassa seg og beskytta seg mot dei.

Del av eit større prosjekt

Ferdigstillinga av fredingsaka på Osmundnes er ein del av Riksantikvaren sitt prosjekt Fredingsgjennomgangen. I samband med dette prosjektet har fylkeskommunen gått igjennom alle bygningar som vart freda i 1978 og tidlegare, i tillegg til å ferdigstille to fredingssaker.

Forslag om freding av Sellevåg treskofabrikk i Gulen kommune vart oversendt Riksantikvaren i 2010. Etter å ha oversendt av forslag om freding av Osmundnes til Riksantikvaren har fylkeskommunen ingen fredingssaker under arbeid.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven