Skjermbilete av Fauske-album på Flickr.com

Fylkesarkivet med verda som arena

Den digitale teknologiutviklinga og bruk av sosiale medieplattformar gjer at fylkesarkivet sitt kjeldemateriale når ut til brukarar rundt om i heile verda. Fylkesarkivet vel å legge ut mykje materiale fritt tilgjengeleg på nett, og legg på den måten til rette for bruk og deling langt ut over fylkesgrensene.  

Denne teksten er publisert i Kjelda nr. 1 2017.

På Fylkesarkivet har vi, frå oppstarten i 1983 og fram til i dag, vore opptekne av formidling. Utan ein formidlingsarena er arkiva lite interessante. Ein treng berre gå nokre tiår attende før det originale arkivstykket var det einaste tilgjengelege. Då  måtte ein møte opp fysisk der originalen låg. 

For vårt vedkommande betydde det fom. hausten 1990, Leikanger. Vel og merke i dei tilfella arkivmaterialet var avlevert til oss. Var det tilfellet, sto det framleis att ei utfordring; å få formidla til brukaren at materialet fanst hjå oss. Til det trongst ein katalog. Sidan Leikanger ligg noko grisgrendt til, ville det i mange høve ikkje vere turen verdt å reise til Leikanger for å bla i ein katalog, og kanskje konstatere at materialet ein var ute etter ikkje fanst.

Det vart  difor overmåte viktig for Fylkesarkivet å få katalogmaterialet tilgjengeleggjort på internett, slik at brukaren før besøket visste om vi hadde det han eller ho var ute etter. Fylkesarkivet var ute med samkatalogen på Internett lenge før Riksarkivet, til dømes. Etter kvart som teknologiutviklinga skreid fram, byrja vi også å formidle digitale kopiar  av originalmaterialet på nettet. Både foto, musikk og stadnamn har vore elektronisk formidla sidan slutten på 90-talet.

Skjermbilete frå SoundCloud

Etter kvart har fylkesarkivet også byrja med formidling av kommunale kjeldekopiar  på nettet. I desse dagar vert alle kommunestyre- og formannskapsprotokollane lagde ut på Internett. Per dato ligg over 100.000 bilete frå fotosamlingane våre tilgjengelege på Internett. Alt dette har gjort til at fylkesarkivet har fått langt fleire brukarar og større bruk av arkivmaterialet vårt enn kva ein institusjon med vår geografiske plassering kunne oppnå utan den elektroniske informasjonsteknologien.

Ein skulle kanskje tru at det ultimate toppunktet kva tilgjengeleggjering gjaldt, måtte vere ein digital katalog med all relevant dokumentasjon digitalt tilgjengeleg i frå pc en. Men det stoppar på ingen måte her. Den digitale teknologiutviklinga fossar vidare. Utviklinga og bruk av sosiale medieplattformer har gjort til at fylkesarkivet sitt materiale når fram til brukarar som ikkje ein gong veit at vi har noko som interesserer dei. 

Ved at fylkesarkivet legg mykje av materialet  fritt tilgjengeleg på sosiale plattformer som Flickr (foto) og SoundCloud (musikk) når vi fram til millionar av interessentar. Når desse igjen deler ting dei liker på andre sosiale plattformer som Facebook, YouTube, Snapchat og Mashable, snakkar vi om ei eksplosjonsarta eksponering for nye brukarar.  Dette har vi til fulle opplevd dei siste åra. Då Flickr løfta fram bileta våre, var det over 120 000 besøkande til Flickr-profilen vår same dag. Til samanlikning gav ein 3-siders VGpresentasjon, same månad, berre 10.000 besøkande.

Skjermbilete frå Mashable

Dei heilt store høgder på formidlingssida når ein likevel når andre sosiale media profilerer materialet som er lagt på nett. I desember 2016 laga nettstaden Mashable ei sak om fotograf Reppen frå Sogndal med utgangspunkt i vår Flickr-presentasjon. Saka gjekk i løpet av kort tid viralt, og er no delt over 32 000 gonger i sosiale media. Mashable har 45 millionar besøkande i månaden og har 28 millionar følgjarar. Nedslagsfeltet og formidlingsverdien av ei slik sak er enorm. Det vil seie at fleire millionar truleg har sett bileta i frå Indre Sogn. 

I desse dagar er bileta etter sunnfjordfotografen Fauske lagt ut på Mashable, så får vi sjå kva det inneber av nye arkivbrukarar.  I løpet av nokre tiår har altså moglegheitene til å nå ut med kjeldetilfang auka dramatisk. Så kan kvar og ein filosofere over kva  ringverknader dette kan gi når data i auka grad vert kombinert, t.d. med reiselivsdata. Ein ting er i alle fall sikkert, tilgangen kjem berre til å bli endå meir brukarstyrt i tida som kjem.

Kommentarer