FOU-startpakke

Laupande søknadsfrist

  • Inntil kr 140.000 i rammeløyving til kvart prosjekt
    • Inntil kr 40.000 i støtte til prosjektleiar, fritt val
    • Inntil kr 100.000 til analyseaktivitet
  • Inntil kr 100.000 i ekstra rammeløyving ved dokumentert behov
  • Bedrifter og nettverk innanfor prioriterte næringar kan søkja
  • Bagatellmessig støtte, ingen obligatorisk eigendel
  • Fortlaupande handsaming av arbeidsgruppa og Forskingsrådet
  • Søknad sendast inn i regionalforvaltning.no

Kven kan søke?

Spesielle krav i tillegg til generelle krav:

  1. Søkjar er ei etablert bedrift som søkjer løysingar på problem i eigen produksjon.
  2. Produksjonen som skal analyserast har eksistert i fleire år, helst over 5 år.

Desse krava må vera på plass for at trinn A og B i FoU-startpakken skal kunna gjennomførast, og for at trinn C og D skal ha ei meining.

Kva kan støttast?

FoU-startpakken er fyrst og fremst aktuell for bedrifter og nettverk som vil drive utviklingsarbeid for å nå sine ambisjonar, og som ser føre seg at FoU kan vera aktuelt eller ønskeleg. FoU-startpakken dekkar kjøp av prosjektleiar og analysearbeid i dei fire fyrste trinna i utviklingsprosessen, markerte gult i figuren, fram til eit eventuelt FoU-prosjekt:

  • Trinn A: Driftsanalyse med omsyn på mål og trend => GAP-analyse
  • Trinn B: Problemanalyse – avgrensande faktorar
  • Trinn C: Idé-framskaffing – forslag på løysingar
  • Trinn D: Konseptutvikling, moglegheitsanalysar og FoU-behov
  • + eventuell organisering av FoU-prosjekt


VRI4 - Trinnvis utviklingsprosess

Retningslinjer

Kvart prosjekt får ei rammeløyving på kr 140.000. Kr 40.000 skal dekka prosjektleiaren sitt arbeid, med inntil kr 10.000 for kvart trinn i prosessen. Kr 100.000 skal gå til analysar og utgreiingar, med inntil kr 25.000 for kvart av trinna. Unytta midlar av ramma på kr. 140.000 kan nyttast organisering og skriving av FoU-prosjektsøknad.

Det er mogleg å søkja om inntil kr 100.000 til meir midlar til gjennomføring av trinna ved dokumentert behov, primært trinn D.

Prosjektleiaren kan utføre alt arbeid sjølv, eller nytte andre personar til analysane. Søkjar bestemmer sjølv kven som skal vera prosjektleiar, og som skal leia utviklingsprosessen frå trinn A til D:

  • Dersom søkjar og prosjektleiar ser at prosjektet ikkje vil føra fram til eit FoU-prosjekt, skal prosjektet avsluttast. Prosjekt som blir avslutta vil få inntil kr 35.000 for kvart oppstarta trinn, basert på dokumenterte kostnader til kjøp av prosjektleiar og anna hjelp.
  • Prosjekta kan få inntil 100% støtte, som bagatellmessig støtte.
  • Fullføring av dei 4 trinna (A,B,C,D) skal skje innan seks månader etter oppstart, eller etter avtale. Ved organisering av FoU-prosjekt og skriving av søknad, skal heile prosjektperioden vera på maksimum 12 månader, eller etter avtale.
  • Det er utvikla eit fylgjeskjema for rapportering. Dette er eit skjema med malar og verkty, som sikrar kvalitet i alle trinn.
  • Prosjektleiaren vil få opplæring i dei metodar og verkty det er lagt opp til å bruka.
  • Søknadane vil bli vurderte etter sju kriterium av arbeidsgruppa i VRI4 (under)

Pilot

Det er sett av kr 1 mill til FoU-startpakken kvart år 2017 - 2019. Dette er ei ordning som vi har fått som eit prøveprosjekt i Sogn og Fjordane (pilot). Dei som får støtte vil derfor delta i utviklingsarbeidet av metodar og verkty knytt til denne hjelpa. Ta gjerne kontakt med oss for ein prat før innsending av søknad.

  • VRI4 ynskjer tilbakemeldingar og innspel frå prosjektleiarane og andre prosjektdeltakarar, til å forbetra metodar og verkty, som del av piloten.
  • Målet er å utvikla betre og meir effektive metodar og verkty i prosjektperioden, slik at utviklingsprosessane blir raskare, tryggare, betre, billegare og meir brukte i utviklingsarbeid.

 

Vurderingskriterium for FoU-startpakken

 

  • 1. VERDISKAPINGSPOTENSIAL:               
    Det bør gå fram av søknaden, at bedrifta og eventuelt samarbeidspartnarane, har  verdiskapingspotensiale i dei aktuelle produksjonane, som kan forsvara kostnaden til eit FoU-prosjekt.
  • 2. INNOVASJONSPOTENSIAL:  
    Det bør gå fram av søknaden at det finst produkt, innsatsfaktorar eller anna i dei aktuelle produksjonane, som kvalifiserer til ein omfattande innovasjonsprosess.
  • 3. FOU-POTENSIAL:      
    Det bør synleggjerast i søknaden at FoU-metodikk bør nyttast for  å utvikla moglege innovasjonar.
  • 4. LANGSIKTIGHEIT:      
    Det bør gå fram av søknaden at innovasjonsprosessen vil bli knytt til eksisterande, langsiktig produksjon.
  • 5. REGIONAL VERDISKAPING:  
    Det bør sannsynleggjerast i søknaden at utviklingsarbeidet kan føra til fleire arbeidsplassar i fylket, eller andre former for samfunnsnytte.
  • 6. MILJØ OG BEREKRAFT:           
    Det bør gå fram av søknaden at utviklingsarbeidet kan føra til betre miljø og meir berekraft hjå bedrifter og i samfunnet.
  • 7. GJENNOMFØRINGSEVNE:    
    Det bør gå fram av søknaden at partnarskapen har den naudsynte kompetanse til å gjennomføra prosjektet.

 

Kontakt Sogn og Fjordane:

Arne Monrad Johnsen
VRI4 prosjektleiar
Askedalen 2, 6863 Leikanger
E-post:
arne.monrad.johnsen@sfj.no
Mobil: +47 41530978

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Arne Monrad Johnsen
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven